Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/sogn-og-fjordane-kunstmuseum-thomas-bickhardt-bickfoto38.jpg.
Publisert 07/02/2022
Av Henning A. Hellebust

Vi har endeleg fått felles drakt!

– Vi treng gode verktøy for å drive museum. Ein felles framtoning og nye logoar som tek vare på det enkelte museum sin identitet, er eitt av dei, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

I dag viser Musea i Sogn og Fjordane seg for første gong fram i felles drakt. For det første har vi fått ein ny hovudlogo. Den dannar eit “fjell” som vi kan lese som ein M, for Musea blant fjord og fjell. Forma i midten dannar eit hus, som speglar musea sitt blikk mot historia sine bygningar og kvardagsliv. Husforma symboliserer også vern, i dette tilfellet musea sitt vern om sine samlingar. I logosymbolet kan vi også sjå to delar som smeltar saman, som symboliserer notid og fortid, kunst og kultur – som kjem saman til ein heilskap. 

Sjå vårt nye profilprogram her. 

Kvart enkelt museum har dessutan utarbeidd sin eigen museumslogo. Den bygger vidare på den felles M-en, der museet sitt eige ikoniske symbol er lagt til som eit stempel.  

Meir skal rullast ut etter kvart. Arbeid med ny nettside er også sett i gong. Basert på profilen, har vi til dømes malar til plakatar og dokument, fargeval til det enkelte museum, fontar, ein fotobank og mykje meir, som ein lokalt vil nytte i formidling og kommunikasjonen med dei besøkande.  

Bety noko for nokon 

– Skal vi vere ein viktig samfunnsaktør, må vi bety noko for nokon. Korleis vi ser ut betyr noko for korleis vi vert oppfatta, og er difor ein viktig del av arbeidet med å nå eit enno større publikum, seier Heggheim. 

Vi deltek i ein enorm konkurranse om tida til folk. Opp mot til dømes internasjonale strøymegigantar og sosiale medium må vi skjerpe oss skikkeleg. Musea våre jobbar hardt for å gjere oss relevante for innbyggarane.  

– Vi skal nå dei yngre generasjonane. Det er avgjerande at vi klarar å kople historie mot dagen i dag. Då krevst det fornying, seier Heggheim. 

Kven er vestlendingen?  

I tillegg til våre eigne innbyggarar, framhevar Heggheim tilreisande som ei viktig målgruppe for musea. Det er mykje som påverkar korleis dei finn fram til oss. Å stå saman og syne fram eit heilskapleg og tydeleg tilbod, vil gjere oss attraktive for både dei store reiselivsaktørane og den enkelte reisande vil sjå oss.  

-Kven er vestlendingen? Tilreisande er nysgjerrige og lurer på kven vi er og korleis vi vart slik. Då må dei finne oss. At vi samordnar oss også visuelt, skal bidra til at musea får hjelp av kvarandre til å bli sett, seier Heggheim.  

Starta i 2009 

I 2009 gjekk Sogn og Fjordane Kunstmuseum og ei rekke kulturhistoriske museum saman i ei felles stifting, og dreiv vidare saman. Etter kvart som organisasjonen modna og det vart gjennomført ei omorganisering, vart det som var felles tydelegare og betre forankra. I 2020  sette dåverande direktør ned ei arbeidsgruppe for å lage ein felles visuell profil, for å gjere dette fellesskapet synleg.  

Miksmaster fekk jobben 

Det anerkjente designbyrået Miksmaster vant anbodsrunda og vart valt til å utarbeide profilen. Mange i Musea har vore involvert og blitt høyrt i prosessen, mellom anna har kvart enkelt lokale museum sjølv bestemt sitt eige logoikon. Det er summen av ein felles prosess som har gitt resultatet vi syner fram i dag.   

Den økonomiske råma på 800.000 kroner er halden. I tillegg vil det kome noko kostnader til mellom anna skilting. Etter eit drygt års arbeid er den nye profilen klar til å takast i bruk. 

– Dette er ei investering vi skal ha glede av i mange år, seier Heggheim.         

Enkeltmusea sine logoar 

Av dei tolv musea, har Nordfjord Folkemuseum, Reiselivsmuseet og Kunstmuseet vidareført sine logoar. Fjordmuseet, Sogn kunstsenter, Vågsberget, Astruptunet og Eikåsgalleriet hadde ikkje logo før, og har fått heilt ny. Sunnfjord Museum, De Heibergske samlinger – Sogn folkemuseum og Kvernsteinsparken har endra eller vidareutvikla sine. 

Astruptunet 

Logoen syner Astruptunet med Borgen, gamlestova og kjøkkenstova, med Jølsterlandskapet i bakgrunnen. Motivet vart nytta til eit poststempel på Astruptunet, frå 1980 talet og utover.  Truleg har det teke utgangspunkt i maleriet «Rabarbra på Sandalstrand».  

Dette dekker heilskapen vår, med kunstnarheimen, hagen og kunsten. Ikonet er forenkla og gir fort assosiasjonar om tunet. Dei som har vore her kjenner att tunet og nye får kanskje ein idé om eit mangfald. 

De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum 

Logoen syner ei stilisert utgåve av prestegarden frå Vik. Vass-selen har vore logoen til De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum sidan midten av 1990-talet. Når vi no har valt eit bygg som tema på logoen, er det for å markere at vi er eit friluftsmuseum, eitt av landets eldste og største, med mange ulike tun, hus og bygningar. 

Andre bygg var med i vurderinga. Vi landa på prestegarden frå Vik, fordi den er eit sentralt, synleg og attkjennande bygg på museet.  

Eikåsgalleriet 

Logoen syner eit av sjølvportretta til Ludvig Eikaas som vi har i samlinga vår. Det grafiske verket er tydeleg, og det er råd å kjenne att opphavsmannen. I samlinga på 850 verk på Eikåsgalleriet, er opp mot 300 portrett og derav 68 sjølvportrett. Med så stor tyngde på portrett og sjølvportrett, synes vi dette er eit representativt val. Streken er enkel og karakteristisk, reint og tydeleg. 

Kvernsteinsparken 

Logoen syner ein kvernstein, eit naturleg val for Kvernsteinsparken. Med utgangspunkt i Kvernsteinen kan vi fortelje om eit av dei tidlegaste døma på industriell produksjon i Norge, Hyllestad si rolle og påverknad av denne og kor viktig Hyllestadsteinen var for brødet på bordet. 

Kystmuseet 

Logoen syner ein mindre båt med råsegl ute på krapp sjø. Den syner menneska si vilje til å oppsøke havet for å hauste av ressursane ein kan skaffe seg der. Båten med råseglet teiknar klare linjer tilbake til det eventyrlege sildefisket på vestlandet på midten av 1800-talet. 

Nordfjord folkemuseum 

Logoen syner ei smørkanne, som er den gjenstanden museet har hatt i logoen sidan 1960-talet. Vi har valt å vidareføre den i ein modernisert form, originalt var den teikna. Smørkanna er ein gjenstandstype knytt til bondesamfunnet, «vanlege folk», brukt til høgtid, og den inkluderer folkekunst med sine dekorasjonar. Den er godt innarbeidd blant lokalbefolkninga som gjenkjenner oss og vårt materiale. Den fungerer også godt grafisk med attkjenneleg form. 

Norsk reiselivsmuseum 

Logoen er laga med assosiasjonar til trafikkskiltet for severdighet, samt vassdråpar. Dette er meint å foreine den museale assosiasjonen med dei fire viktigaste naturlege attraksjonane i Noreg – foss, fjord, fonn og fjell.  

I logoen kan ein òg sjå både regn og rosemaling. Logoen er vidareført frå då museet opna, og er eit godt etablert symbol for museet.  

Sogn Fjordmuseum 

Logoen syner ein båt med segl på fjorden. Det sentrale ved Sogn Fjordmuseum er utstilling av båtar og maritime gjenstandar, som uttrykk for fjorden som viktigaste ferdsleåre og viktig del av matforsyninga i tidlegare tider.  

Sogn kunstsenter 

Logen syner Sogn kunstsenter mellom fjell og fjord i Lærdal. Designet vektlegg særpreget til bygget, samstundes som dei bølgjeforma linjene understrekar naturen som omkransar senteret. Logoen har ei gjenkjenneleg utforming som oppsummerer bygget på moderne vis. 

Motivet gjev eit godt og attkjennande uttrykk som vil gje assosiasjon til dette museet. 

Sogn og Fjordane kunstmuseum 

Logoen syner eit omriss av Kunstmuseet i Førde, som igjen har ei utforming som har assosiasjonar til ei isblokk. Designet er ei videreføring av den gamle logoen, og står fram som stilrein og moderne. Den står også godt til profileringa av museet som visingsstad for samtidskunst. 

Sunnfjord Museum 

Symbolet er stiliserte penselstrekk av Viksdalsmåling. Den tidlegare logoen til Sunnfjord museum var også trekk frå Viksdalsmålinga, og vi ynskte å vidareføre dette. Vi har ei stor samling med Viksdalsmåla gjenstandar og for oss symboliserer difor logoen samlinga vår og den lokale folkekunsten. Sjølv om Viksdalsmålinga kanskje er best kjent lokalt gjev den stiliserte versjonen også assosiasjonar til folkekunst generelt.  

Vågsberget 

Logoen på Vågsberget syner rosetten over inngangsdøra til Vågsberget. Den er ein særmerkt del av bygningen og er lett attkjenneleg for alle som har sett Vågsberget før og for dei som besøker Vågsberget med logoen i minne.  

Rosetten fortel ei historie om den rikdommen som vart samla på Vågsberget handels- og gjestgjevarstad.