Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Mayra står og Tor Martin sit på huk framfor fargetresnittet
Publisert 21/03/2023
Av Henning A. Hellebust

Inviterer til stor Nikolai Astrup-utstilling

I sommar vert fire salar på Kunstmuseet i Førde og galleriet i Astruptunet via Nikolai Astrup sin kunst. Vi gler oss til å få vist fram Astrup til nye generasjonar i vår region.

– Her heng ein av godbitane vi skal vise fram. "Revebjeller" gjev ein verkeleg lyst på ein tur i skogen. Viss du ikkje har sett kunsten til Nikolai Astrup før, så byr sommaren på sjansen til eit djupdykk, seier Tor Martin Leknes, direktør for avdeling kunst ved Musea i Sogn og Fjordane.

Kjendisar og sjeldenheiter

I alt blir 27 verk lånt inn frå Sparebankstiftelsen DNB, KODE og andre private eigarar, samtidig som vi grev djupt i eigne magasin. Kjende verk som «Revebjeller», «Marsmorgen» og «St. Hansbål» skal få skine, samtidig som det blir motiv frå ulike Jølsterlandskap, tunet og innandørs. Andre verk er mindre kjende – eitt av bilda har ikkje blitt vist på utstilling tidlegare.

– Eit høgdepunkt vert å vise fram korleis Nikolai Astrup var ein gjenbrukar og via seg til hagebruk, og kvifor det gjer han relevant for våre liv i dag, seier Leknes.

Oljemaleri av landskap med mor og to barn i framgrunnen framfor åker.
Oljemåleriet "Sandalstrand" blir vist fram på utstillinga.

– På Kunstmuseet i Førde vil vi i den eine salen ta for oss temaet hage, nyttevekstar og gjenbruk. I den andre får vi sjå Jølsterlandskapet, men får også eit godt innblikk i dei ulike teknikkane – han hadde ein oppfinnsam produksjon. Den tredje salen tematiserer vi målarskulen han hadde i Førde. Her vil vi også stille ut verk målt av elevane hans. Til sist er vi stolte over å ha fått arva ein Astrup-installasjon frå utstillinga «Brikker», som vart vist i Munch-museet i fjor, seier Leknes.

Astrup-hub

Det blir også andre måtar å utforske Astrup på, enn direkte gjennom kunsten.

– I Høgsalen vil vi ønskje velkomen til ein eigen «Astrup-hub». Her satsar vi mellom anna på verkstad for trykking og film og bilder frå tunet. Her kan både små og store bli kjent med Astrup på nye måtar, og dessutan få enno meir lyst til å besøke kunstnarheimen Astruptunet, seier museumsleiar Mayra Henriquez ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

På Astruptunet er den store oppgraderinga av tunet i siste innspurt denne sommaren, men også her blir det utstilling i galleriet. Som ei lita feiring på forskot.

Solveig studerer ein trykt tekstil som heng på ein vegg.
Utstillinga i Astruptunet skal mellom anna legge vekt på tekstilkunsten til Engel Astrup. Her med Solveig Berg Lofnes.

– Fleire av bilda frå stiftinga skal stillast ut i galleriet i tunet. Samtidig vil vi mellom anna syne fram trykkplatene Astrup jobba med og halde oppe utstillinga av kona Engel Astrup sin tekstilproduksjon, seier museumsleiar ved Astruptunet, Solveig Berg Lofnes.

1,3 millionar kroner i støtte

– Vi gler oss stort over at vi har fått til eit godt samarbeid med KODE, som har gitt oss ei opning til å syne fram denne skattkista. Etter å ha vore på turné frå Bergen til London, Massachusetts og Oslo, er det stas å få løfte fram verdskunstnaren Nikolai Astrup for vårt eige publikum, seier Leknes.

Utstillinga hadde ikkje vore mogeleg å gjennomføre utan 700.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og 500.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB. Ei slik utstilling inneber mellom anna store kostnader til frakt, forsikring og tryggingstiltak. Samtidig er satsinga eit stort felles løft og samarbeid internt i Musea i Sogn og Fjordane, der heile avdeling kunst er involvert.