Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/logoar/bkh-sort.png.
Publisert 30/01/2023
Av Tor Martin Leknes

Stipend til lokale kunstnarar

Anne-Lise Stenseth og Erik Hovland er mottakarar av Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt produksjonsstipend 2022 på kr 50 000 kvar med midlar frå Bildende Kunstneres Hjelpefond.

Kunstfagleg råd ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum gjorde i møte 29.11.2022 einstemmig vedtak om å innstille kunstnarane Anne-Lise Stenseth og Erik Hovland til det regionale BKH-stipendet 2022 på til saman kr 100.000. Styret for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane slutta seg til innstillinga i styremøte torsdag 8. desember.

Rådet har lagt vekt på at kunstnarane har tilknyting til Sogn og Fjordane og at prosjekta skal gjennomførast her.

På undersøking i våtmark

Anne-Lise Stenseth har delteke på ei rekkje utstillingar over heile verda, og er representert i fleire offentlege samlingar. Kunstnaren har med utgangspunkt i eit våtmarksområde i Steinavågen i Kinn kommune, utarbeida eit prosjekt med namn «Torvmyra». Kunstnaren vil undersøkje staden med kamera og lydutstyr, både over og under vatn. Frå gammalt av var denne våtmarka ein stad der folk kunne forsyne seg med torv, medan det i dag er prega av uforstyrra dyre- og planteliv. Våtmarker er i dag viktige premissleverandørar for desse artsmangfalda, og kunstnarens engasjement for staden og temaet skal leie fram til eit multimedialt kunstprosjekt som vi gler oss til å følgje med på vidare.

Frå London til Fjaler

Erik Hovland har nyleg vore aktuell med eit av sine måleri på Høstutstillingen i Oslo. Den 40 år gamle kunstnaren er busett i Dale i Fjaler kommune, etter mange år med kunstutdanning og arbeid i London. I sin søknad har kunstnaren løfta fram eit prosjekt som hentar inspirasjon frå landskapsmåleri i storformat, der motiva skal hentast frå nærområda i Dale der utbygging av nye bustadar har leia til utgravingar og funn av vikinggraver. Kunstnarens bruk av ei tradisjonell kunstform som måleri, med ei konseptuell tilnærming, er svært interessant.

BKH regionale tildelingar

Stipendet «Delegerte tildelingar» frå Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) har som formål å styrke det regionale kunstfeltet knytt til kunstsentera si verksemd. Kunstsenter som er slutta til Kunstsentrene i Norge (KiN) kan søke om midlar til eigne stipend eller prosjektstøtteordningar.

Tor Martin Leknes
Avdelingsdirektør