Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/logoar/bkh-sort.png.
Publisert 10/07/2023

Utlysning av stipend

Bildende Kunstneres Hjelpefond 2023 – 2 x kr. 100.000

Stipendmidlane på kr. 200 000,- er tildelt frå Bildende Kunstneres Hjelpefond. Sogn og Fjordane Kunstmuseum ynskjer å dele stipendet på 2 kunstnarar, á kr. 100.000. 

Formålet er å stimulere kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane, og av den grunn må prosjektet finne stad i fylket. BKH-stipendet skal vere med på å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda til kunstsentera. Stipendet er eit produksjonsstipend. 

Kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane kan søke. Søknaden skal bestå av ein prosjektomtale, visuelt materiale, budsjett og CV. Maks 5 sider og 20 MB. 

Styret for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane kårar stipendiat etter innstilling frå Kunstfagleg råd. 

Søknaden sendast digitalt til sfkm@misf.no innan 15. oktober. E-post merkast med «BKH-stipend 2023». 

Tildeling innan utgangen av 2023. 

Spørsmål rettast til sfkm@misf.no og/eller museumsleiar Mayra Henriquez