Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Ei tegning av folkemengde.

Dei ekstraordinære – nye verk i samlinga frå 2021

4. februar - 31. juli
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

I 2020–2021 fekk Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) tildelt 5 millionar kroner frå Kulturdepartementet i ekstraordinære tilskot til kunstinnkjøp. Det svarar til om lag 17 år med ordinære innkjøpsbudsjett for museet. Bakgrunnen for tildelingane var å stimulere til framleis skapande kunstnarleg aktivitet blant dei norske kunstnarane og å oppretthalde drifta av galleria under Covid-19-pandemien.

Midlane har vore øyremerkt innkjøp av kunst av nolevande kunstnarar busett i Noreg, og dei har gjeve SFKM eit sjeldan høve til å utvikle samlinga. Museet sitt hovudmål har vore å spegle mangfaldet av kunstnarar i Noreg. Kunstverka er valt for å fremje ein brei representasjon og for å løfte fram underkommuniserte historier i samfunnet.

Kurator: Ingrid Norum

Med kunstverk frå samlinga av:

Eli Mai Huang Nesse, Yola Marie Tsolis, Kwestan Jamal Bawan, Simone Hooymans, Hans Hamid Rasmussen, Ahmed Umar, Apichaya Wanthiang, Trine Hovden, Heidi Bjørgan, Kristina D. Aas, Lars Korff Lofthus, Rebecca Jafari, Aud Marit Skarrebo Holmen, Vibeke Tandberg, Lill-ann Chepstow-lusty, Jone Skjensvold, Ragna Misvær Grønstad, Linda Morell, Audgunn Naustdal Holsen, Karen Helga Maurstig, Gerd Endestad, Susanna Kajermo, Karoline Hjort, Riitta Ikonen, Anne Tveit Knutsen, Kay Arne Kirkebø, Zdenka Rusova, Turid Haye, Sofie Berntsen, Pearla Pigao, Kent Fonn Skåre, Cato Løland, Lin Wang, Vilde Salhus Røed, Magnhild Øen Nordahl, Julie Ebbing, Ane Graff, Hilde Honerud, Kamilla Langeland, Cecilia Jonsson, Brit Fuglevaag, Anne-lise Stenseth, Elisabeth Steen, Aud Marit Skarrebo Holmen.

Toppbilde: Kay Arne Kirkebø, utsnitt av "Lovpris Sola", 2019, SFKM-002156 © Kay Arne Kirkebø/BONO. Foto: Kay Arne Kirkebø.