Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/attspegling/nettstad_header-1668618135.png

Familieverkstad: kven er du?

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum sin familieverkstad har gratis inngang laurdag 26. november kl. 12-15!

Denne gongen skal du prøve å setje spor etter deg sjølv på papiret. Oppgåva er å teikne, pynte eller måle eit sjølvportrett. Om det er vanskeleg å teikne deg sjølv, så kan du kanskje teikne nokon du er glad i?

I høgsalen opna Hafstad VGS ei utstilling kalla EG E DEN EG E. Den vil feire alle dei forskjellege menneska vi er - spesielt den du føler at du er på innsida. Korleis ser du ut på innsida?

Kafé Sobra har opent og familieverkstaden er gratis. Barn under 12 år må bli følgt av ein foresett på verkstaden. Deltakarar kjem gratis inn i alle utstillingane, men du må framleis registrere deg i resepsjonen.