Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Kunstmuseet
kunstmuseet/aurom.jpeg

Førdefestivalen: Aurom

9. juli 12:00 - 13:00
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Urpremiére!

Malin Alander, Guro Utne Salvesen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt i vokaltrioen Aurom spelar på klangkvalitetane i stemmene sine. Gjennom tradisjonsmateriale og eigne komposisjonar, skapar dei samklang, utforskar og improviserer.

Aurom har fått Agnes Ida Pettersen til å skrive musikk og Agnes Ravatn tekst, når dei kjem til Førde med sitt aller første tingingsverk.

Vel møtt!

Meir om artisten

AUROM - Moderne og minimalistisk vokaltrio

Aurom sin musikk er inspirert av både minimalistiske melodiar, det stillfarne og mjuke og det intenst ekspressive. Dei tre har ulik vokalbakgrunn og kombinerer desse med folkesongar, improvisason og nye komposisjonar i materialet sitt. Tekstane går rundt livet før og no, og harmoniane og klangane deira både rører og utfordrar lyttarane.

Trioen vart til hausten 2017. Dei tre studentane ved Norges Musikkhøgskole fekk i oppgåve å lage ein konsert med fokus på folkesongar og tonalitet, og oppdaga at dei hadde sans for dei same musikalske elementa. Konsertsamarbeidet enda opp i ein trio som utforskar klang, dynamikk, improvisasjon og krafta i den menneskelege stemma. Målet med musikken til Aurom er å skildre dei sidene ved livet som ikkje kan skildrast med ord åleine.

Dei tre kvinnene i Aurom er: Guro Utne Salvesen, ein allsidig songar frå Rogaland med ein master i folkesong i samtidsmusikk, Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Telemark, folksongar med eit ekstra varmt hjarte for dei ulike stemmene i sin eigen tradisjon, og Malin Alander frå Sogn og Fjordane, folkesongar i tradisjon etter Unni Løvlid, og sterk på komposisjon og improvisasjon.

Aurom sitt første album Utan å dirre kom ut på NyeNor i april 2021.