Melankolsk og vakker folk-indie i kveldssola på taket. Diket tek nordisk folkemusikk eit steg vidare.
Diket inspirerer med sine draumande tekstar og fortryllande melodiar, inn i ei verd langt langt vekk her i frå. Tonane frå Diket lar deg kjenne på årstidene gjennom melodiøse folketonar. Med titlar som “Mördarsnigel”, “Där löken gror” og “Vär” blir stemninga satt, og historiene fortalt.
Medlemmane i Diket kjem frå elskverdige band som Ævestaden, Benedikt og Hey Gloria. I ei herleg symbiose av fele, kantele, gitar, bass og trommer dyrkar dei den skandinaviske folkemusikken, og kryssingspunktet mellom melodi og tekst framhevast. Dette er ei gruppe samansett av unge men etablerte musikarar som leikar seg med musikken og som får deg til å stille spørsmål ved kva sjanger ein eigentleg lyttar til. Folkemusikk, blues, rock eller indie? Ei herleg blanding kjem til Førdefestivalen, presentert gjennom up-and-coming bandet Diket.
Levina Storåkern – vokal, fele, kantele
Hanna Skjerdal – bass, vokal
Jonathan Kleven – gitar, vokal
Oddbjørn Sponås – trommer, vokal
OBS: konserten vert flytta til Larris Scene dersom dårleg vêr.
