Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Kunstmuseet
kunstmuseet/serina-erfjord,-starten-pa-et-instrument,-2013.jpg

Opning av Vestlandsutstillinga 2022

27. august
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Jubileumsutstilling for Vestlandsutstillingen er kuratert av kunsthistorikar, kurator og skribent Espen Johansen (1985, Noreg). Den kuratoriske praksisen hans er særleg fokusert på kunst i det offentlege rom og maktstrukturane i den offentlege sfæra.

Årets tema for utstillinga monument. Ordet monument kjem frå det greske ordet mnemosynon og det latinske ordet monere, som betyr «å minnast», «å rådgje» eller «å advare», som impliserer at monument kan hjelpe oss å forstå fortida og føreseie framtida. Historisk sett har kunst blitt brukt til å visualisere all verdas hendingar og prominente individ og slik sementere visse forteljingar. Med monumentet som utgangspunkt reiser utstillinga spørsmål om førestillingane ein har til kunst i det offentlege som bidragsytar til ein slags kollektiv hukommelse.

I staden for berre å feire Vestlandsutstillingen som institusjon ønskjer vi å snu blikket innover mot sjølve markeringa (og i grunnen alle slike former for markeringar); for kvifor er det eigentleg så viktig å einast om historia, og kva rolle spelar kunsten i slike samanhengar? Forumet for det offentlege ordskiftet er ikkje lenger på torg eller i rådhus, ikkje nødvendigvis på TV eller i avisene heller, men i aukande grad på nett gjennom uredigerte, lett manipulerte, sosiale medier. Kva betyr det offentlege rom i dag og kva potensial ligg det i kunsten som kommunikasjonsmetode i vårt medialiserte samfunn?

Representerte kunstnarar

Cecilia Jonsson, Christoffer Eide, Dominique Hurth, Erin Sexton, Henrik Koppen, Icaro Zorbar, Jasmine Børresen, Kari Hjertholm, Kobie Nel, Louise Öhman og Joel Danielsson, Mathijs van Geest, Petra Dahlstrøm, Serina Erfjord, Stacy Brafield, Susanne Steen Christensen, Tora Endestad Bjørkheim

Stadspesifikke kunstverk

Mathijs van Geest (Haugesund), Icaro Zorbar (Ålesund), Petra Dahlstrøm (Øystese), Dominique Hurth (Stavanger), Cecilia Jonsson (Førde), Serina Erfjord (Bergen)

Illustrasjon: Serina Erfjord, "Starten på et instrument", 2013, © Serina Erfjord / BONO. Foto: Serina Erfjord.