Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/eksterne_arrangement/veno.jpg.

Performance: Bjørn Venø | sundagstur

Tidspunkt -
Stad Dagsturhytta Gyttekvia i Førde

Denne sundagen kan du delta på ein performance på dagsturhytta Gyttekvia i Førde. Sundagsturen kan bli ekstra minneverdig med performance! På sundag kl. 12-15 kan du oppleve det uventa ved Gytta Dagsturhytta i Førde! I bevegelsane til Bjørn Venø kan du vere med på ein eigearta dimensjon av kunst og kreativitet.

Ein performance er ein kunstsjanger der kunstnaren kan bruke seg sjølv eller omgjevnadene for å skape ein situasjon eller stemning. Venø sine perfomancer er ofte små reisar inn i det som hender her og no. Kunstverket er improviserte handlingar som Venø gjer, i ein bestemt tid og stad. Kvar performance er særeige kvar einaste gong - du må vere der for å oppleve det! Performancekunst slekter òg på teater eller dans, men skiljer seg frå desse uttrykka med at performanceverket ikkje viser ein forteljing eller ein bestemd koreografi.

Velkomen til å bli med på ein kunstnerisk sundagstur og opplevinga som ein performance kan gje!