Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/sayeds_hasan/jomfruturen.jpg.

Hasansens kjelke - video frå samlinga

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Inspirert av den norske polfararen Fridtjof Nansen, som utvikla Nansenkjelken for å krysse Grønland i 1888, har Sayed Sattar Hasan smelta i hop tradisjonell norsk og pakistansk handverk for å lage ein hybridslede. Slik har Hasan vorte Noregs første tradisjonelle charpai-kjelke-makar under den nye identiteten Hasansen.

I staden for å våge seg ut i ukjende geografiske landskap, utforskar Hasansens kjelke kulturelle grenser. Målet er å finne nye måtar å diskutere kulturelle og nasjonale identitetar på. Nærværet av ulike kulturar i samfunnet vert kunstnarens utgangspunkt når han forsøker å førestille seg mogleiken for nye objekt og historier som speglar tilstanden til det moderne samfunnet. Prosjektet tek opp spørsmål om tradisjon og arv og spenningane mellom det å bevare fortida og omfamne endring. Charpai-kjelken vert dermed eit hybridisert objekt som bitt saman fleire kulturar, samstundes som det uttrykker eit nytt kulturområde som går utover forenkla førestillingar om nasjonal identitet.

For å lage den første versjonen av Hasansens kjelke, bygde kunstnaren relasjonar med ei rekke personar. Deira innsats var avgjerande for å realisere prosjektet. Thomas Aslaksby, ein skiprodusent frå Valdres, Noreg, spilte ein nøkkelrolle i å lage skia og ramma. Samstundes ga han viktige råd om kjelkeutforminga. Tayyeb Hassan, ein charpaimakar frå Sheikhupura, Pakistan, laga beina ved hjelp av ein tradisjonell fotdreiebenk. Det ga kjelken ein tydeleg sørasiatisk kvalitet. Til slutt vart madrassen til Charpai-kjelken laga av Oslo-bebuarane Ruhkaia og Iqbal. Ekteparet har ikkje hadde vove ein charpai på over 50 år, sidan dei migrerte til Oslo frå Pakistan.

Ski – Kjem frå det norrøne ordet skíð; som tyder å dele eller splitte. Den tradisjonelle prosessen med å lage treski går ut på å felle eit tre og dele ein tømmerstokk i to. Slik får ein materiale til kvar ski.
Charpai – Ei avleiing frå hindi og persisk, som tyder 'fire føter'. Ein charpai er ein type divan, vanleg i Sør-Asia. Den nyttast vanlegvis som ei seng eller eit sete, og kan finnast i eller utanfor heimen .
Kjelke – Det norske ordet for slede eller akebrett.
Hasansen – Eit namn som kombinerer kunstnarens etternamn ‘Hasan’, med den vanlege skandinaviske namnendinga ‘-sen’.

I 2020-2021 fekk Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) tildelt 5 millionar kroner frå Kulturdepartementet i ekstraordinære tilskot til kunstinnkjøp. Bakgrunnen for tildelingane var å stimulere til framleis skapande kunstnarleg aktivitet blant dei norske kunstnarane og å oppretthalde drifta av galleria.

Midlane har vore øyremerkt innkjøp av kunst av nolevande kunstnarar busett i Noreg, og dei har gjeve SFKM eit sjeldan høve til å utvikle samlinga. Museet sitt hovudmål har vore å spegle mangfaldet av kunstnarar i Noreg. Kunstverka er valt for å fremje ein brei representasjon og for å løfte fram underkommuniserte historier i samfunnet. Videoverket Hasansens kjelke vart kjøpt inn i det høve.

Sayed Sattar Hasan er ein britiskfødd kunstnar, basert i Oslo. Praksisen hans er prosessbasert og han nytte fritt forskjellege media til idéa hans. Hans noverende kunstneriske tilnærming kan skildrast som 'post-pop, konseptuelt handverk'.

Hasan sine arbeid utforskar nasjonal identitet, arv og tilhørigheit og bruddlinjene mellom tradisjon og endring. Han er òg interessert i førestillinga om legitimitet innanfor den breiare kunstverda. Fortellingene Hasan utvikler er ofte samanvevde med hans eigen biografi og fortalt med humor, for å balansere det absolutte alvoret i intensjonane hans.

Kunstnaren er interessert i å skape alternative rom for å diskutere, kritisere og oppleve kunst. Han er medgründer og gruppeinnkaller av 'PRAKSIS Development Forum (PDF)', ein støttegruppe for kunstnararr utvikla i samarbeid med PRAKSIS, Oslo og 'Head of Institutional Emotions' ved Detroit Kunsthalle.