Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet

Ein iskald morgon i januar 2024 siv varmt lys ut frå ei smie. Det brenn i essa. Hammaren svingar over ambolten. Velkomen inn på Nilsenslippen.

1960-talls bymiljø fotografert frå fly.
1960-talls bymiljø fotografert frå fly.

Før du får helse på folka, skal vi ta ei lita tidsreise. Året er 1961, og Widerøe flyveselskap sitt propellfly svingar over Florø. Ved det eine vindauget sit ein fotograf.

Der nede i fjæresteinane ser han ein liten båtslipp med elegante, kvitmålte skrog framfor seg. Han trykker på utløysaren. Augneblinken ved Hestenesgata 4 er foreviga.

No flyg ei drone over Nilsenslippen. Det har gått 63 år. Slippen er flytta, etter at verksemda la ned. Den er på museum. Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Og her skjer det noko.

Mann og kvinne i arbeidstøy på eit svaberg, framofor eit lågt raudmåla hus med jernbanskinner framfor.

Du har kanskje gått forbi langs ei strand. Togskinner som går rett ned i vatnet. Då har du passert ein slipp. Det er ein stad der ein dreg båtar på land for å sette dei i opplag, behandle skroget eller reparere dei. Ein nøkkelfunksjon der menneske lever av og ved havet.

Gründer av si tid

I 1932 kjøpte ein kar med namn Bertel Nilsen ei tomt i strandkanten i Florø sentrum. Forretningsideen var å la småbåteigarar og fiskarar få båtane sine halt i land og bli tatt vare på. For kunnige nevar, det hadde han. Nilsen utstyrte slippen med ein mekanisk verkstad, ein snikkarverkstad og ei smie. Det var nesten ikkje den ting han ikkje kunne fikse. Han kunne til og med forlenge båtar. Dei største fiskebåtane han tok inn, kunne vere 50 til 60 fot lange, i følgje boka Kulturhistorisk vegvisar for Florø.

Verksemda gjekk dårleg under andre verdskrig, men etter krigen tok det seg opp att. To-tre mann, både tømrarar og mekanikarar, jobba hjå Nilsen. Rundt den tida Widerøe flaug over, var Bertel Nilsen 80 år gamal. Kanskje hadde han reparert nok dory-motorar - det var i alle fall på tide å trekke seg tilbake. Sonen Herman tok over og heldt det gåande til 1992. Og det var då bygget vart plukka ned – og sett opp att – på Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Mann og kvinne i arbeidstøy i varkstad.
Jill Tefre og Øyvind Skarstein i den mekaniske verkstaden.

Vi spolar 30 år fram i tid. Slippen treng tilsyn og reparasjon. Jill og Øyvind byrjar på jobben med å gjere Nilsenslippen i stand. Kan den bli tilgjengeleg for publikum og læring? Dei kartlegg kva som må gjerast og byrjar å dokumentere arbeidet dei legg ned. Etter kvart som dei jobbar seg inn i det, så er det tydeleg at her ligg det eit potensial til å formidle noko viktig. Vil dei kunne klare å gjenskape dette miljøet, som har vore så viktig for Florø og kysten? Mekaniske maskiner er langt frå kjernekompetansen deira.

Det er då det dukkar opp ein mann med ein misjon.

Mann i termodress ved sidan av ei maskin.

Karl Johan Moldestad er ingeniør og har vakse opp i eit slippmiljø. Då han vart pensjonist, spurde han Kystmuseet om dei kunne bruke han til noko. Svaret kan du kanskje tenke deg.

Karl Johan Moldestad ønska rett og slett å tilby sine tenester som frivilleg hjelpar og rådgjevar. Her hadde han noko å tilby, kunne vere ein ressurs. Det fekk han positiv respons på. Noko av det første han byrja med, var å rydde. Likevel skulle det syne seg at den viktigaste kompetansen han sat på, var at han hadde vore med og brukt den same type maskiner som sto i den mekaniske verkstaden.

– Vi hadde teikningar over lokalet etter dei som flytta slippen. Dessutan var den sentrale spindelen, hovudakslingen på plass. Ut frå den kunne vi lese kvar maskinene hadde stått, seier Moldestad.

Vi har ein spindel i taket

Den sentrale spindelen? Opp under taket i den mekaniske verkstaden heng det ei stang med breie, flate metall-hjul på. Denne stanga, akslingen, spindelen, er kopla på ein motor. Slå på motoren, stanga og hjula går rundt. Rundt hjula heng flatreimer. Desse er spent opp på drivhjula til maskinene som står på golvet. Plasseringa av akslingen og hjula avgjer difor kvar maskinene skal stå.

– Via eit spinneri i Hordaland fekk vi fat i ein leverandør av reimer. Då fekk eg vere med å spenne dei opp. Det er veldig spennande med reimdrift, seier Moldestad.

Maskinparken er truleg den same som vart installert i slippen på 1930-talet. Med ein heil del erfaring, olje, smørjefeitt og mekaniskfilosofiske diskusjonar, er no alle maskinene oppe og går.

Vel. Det er ikkje heilt sant. Det måtte fleire hjelparar til. Motoren som dreiv akslingen var daud. Heilt daud. Det var då det gjekk forbi ein kar i fjøra. Ein som hadde med seg barnebarnet på krabbefiske. Han hadde dessutan sosiale gener og kom i prat med Øyvind.

Eldre mann med caps og boblejakke framfor eit sikringsskap.

Alf Gunnar Wold er pensjonert elektrikar og ikkje redd for å involvere seg i mysterium på museet. Han tok med seg det ikkje heilt pensjonerte utstyret sitt for feilsøking.

– Den motoren let seg ikkje reparere. Eg feilsøkte på den, men eg fann ikkje feilen. Dette er jo ein veldig gamal og sliten motor som eg ikkje har vore borti før, seier Wold.

Men han visste likevel råd. Via kontaktar fekk han tak i ein liknande motor – som virka. Ein motor på seks kilowatt. Det burde vere nok til å dra akslingen og mange av maskinene samtidig. Han fekk overskotskablar frå den tidlegare arbeidsgjevaren. Dei brukte han til å sette opp det elektriske anlegget på nytt. Slik at det vart trygt og godkjent, og leidningsnettet kunne drive motoren og elles straumbehov på slippen.

Bånn spikar

Det var framleis eit lite problem. Motoren kunne ein berre slå av og på. «Bånn spikar» med seks kilowatt rett ut på den gamle akslingen, med massevis av reimer? Ikkje så lurt. Ikkje for bygget og maskinene. Ikkje for folk som skulle vere til stades.

– Då monterte eg på ein frekvensomformar. Slik kan vi styre farten gradvis frå null til full kraft, ikkje berre av og på, seier han.

Saman med Moldestad har han "hengt" på slippen ei god stund no. Bidrege med både nevar, hovud og smil. Dei opplever at dei har blitt eit lite miljø som diskuterer og spekulerer på løysingar saman med dei museumstilsette.

– Det er veldig positivt med pensjonistane. Dei kan ting og bidreg. Det har vore viktig for at vi har kome så langt som vi har kome, seier Skarstein.

Men kva med alt det som ikkje gjeld maskinene? Kva har blitt gjort?

Kvinne i eit mørk, gamalt lokale, held ei vindaugsramme.

Jill Tefre har vidareutdanning i antikvarisk bygningsvern. Ho har restaurert dei fleste vindauge og dørkarmane på Nilsenslippen. Her frå sommaren 2022.

Kvinne i t-skjorte skrapar maling på slippen.

Slippen er også mala og skrapa. Mange rotne og skadde detaljar er bytte ut. No framstår bygget meir eller mindre slik det gjorde for 60 år sidan - med små forbetringar som takrenne og beslag, for å hindre at råteskade oppstår.

Mann i arbeidstøy framfor bord med gamle verktøy.

Øyvind Skarstein er også museumshandverkar med vidareutdanning i antikvarisk bygningsvern. Han har synkronisert dei frivillige pensjonistane og har som Jill lagt mykje av krafta si i å få Nilsenslippen i gang.

Maskinparken

No er det på tide å vise fram maskinene og korleis dei fungerer. Vi snakkar altså om koldsag, søyleboremaskin, shepping eller shaping maskin, stor og liten dreiebenk, smergelsliper og bandsag. Smie er det også, men den har du allereie sett. Den vart restaurert før 2020 og har alt blitt positivt tatt i mot av skulelevar og andre nysgjerrige.

Maskinene er altså dei som trengde stor kraft for å drivast, for å fikse og utbetre båtar. Både trearbeid og stålarbeid kunne dei drive med her. Nedanfor kan du sjå maskinene i aksjon.

I koldsaga kan ein spenne fast stålgjenstandar i ulik storleik, og så vil dei til slutt bli kappa over. Her går maskina på sakte fart.

Denne maskina skrapar av ein metallgjenstand, litt som ein fres. På engelsk heiter den shaping machine, på norsk er det også snakk om shepping. Også her går maskina på sakte fart.

Her ser du korleis ein set maskinene i gang. Hovudspindelen i taket driv reima, så dreg ein reima over på drivakslinga til søyleboremaskina.

Her ser du først den store, så den vesle dreiebenken. Her kan du dreie det aller meste av rør og stag og anna ein treng i ein båt. Maskinparken går no for første gong på 35-40 år.

Med smergelsliparen kan du pusse og slipe og skjære og justere gjenstandar i stål, slik at dei passar akkurat til det du skal nytte dei til.

Bandsaga er den einaste maskina som er bygd opp av tre. Men den er kopla til den same motoren og takspindelen som dei andre maskinene. Her manglar det framleis nokre deler før den kan sage.

Omfattande arbeid

Tjue sider. Det er oversikta over arbeidet som er gjort på slippen frå den vart sett opp att på Kystmuseet i 1992-1993 og fram til i dag. Ikkje alt har blitt heilt likt som det var. Museet har freista å attskape bygget så nært som mogleg, ut i frå den dokumentasjonen vi har hatt tilgjengeleg.

– Det viktigaste med denne bygningen er den handlingsborne kunnskapen knytt til maskinene, smia og snikkarverkstaden. At det viser kva dei har jobba med her, seier Tefre.

– Ja, vi vil at ting kan drivast, at vi kan vise drifta på ein slik verkstad. Slik som det kan ha vore i si tid, seier Skarstein.

Vil samle handboren kunnskap

Kystmuseet ønskjer no å bruke slippen til å samle kunnskap om denne type maskiner, arbeid og kultur. Samle og dokumentere den handborne kunnskapen, den som sit i hendene på arbeidsfolk, og ikkje nødvendigvis er å finne i bøker eller på Youtube. Ein håpar at slippen også vil vekke interesse hjå publikum som ikkje brukar Kystmuseet til vanleg. For ikkje å snakke om barn.

– På Kystdagen i fjor, var det kø av ungar som ville smi i smia. Eg tenkjer at det er viktig at ungane får bruke hendene, bruke formsans og augemål. Det er lite handverk att i skule og kvardag, seier Skarstein.

Gamle rusta verktøy på ein sliten disk.

Vil du vite meir? Følg med på våre nettsider og sosiale medier. Og du, 28. april er Nilsenslippen open for publikum - les meir om det her.