Velkomen til haustferie på Kystmuseet! I år har vi heile fire dagar med aktivitetar på programmet. Gjennom heile haustferien kan du også gå på jakt etter rotter og flaggermus som har gøymt i utstillingane, og det står fleire kjekke aktivitetar på programmet!
Program:
Søndag 8. oktober, kl.12-15: Utstillingsopning: Sjukdommane som endra historia
Aktivitet: maskeverkstad. Lag ein søt, artig eller skummel maske, så er du klar til allehelgensfeiring!
AVLYST: onsdag 11. oktober, kl. 12-15: aktivitetsdag på Nilsenslippen.
Grunna det varsla uvêret ser vi oss dessverre nøydt til å avlyse aktivitetane på Nilsenslippen.
I staden kan du onsdag 11. oktober søke ly frå ruskevêret inne på museet. Her bli det rebus du kan løyse, og du kan lage både potettrykk og allehelgensmaske. Aktivitetane kan du delta på frå kl. 10-15.

Fredag 13. oktober, kl. 10-15
Kl. 11: Eventyrstund for dei minste
Kl. 13: omvising for born i utstillinga Sjukdommane som endra historia
Aktivitar:
Maskeverkstad. Lag ein søt, artig eller skummel maske, så er du klar til allehelgensfeiring!
Potettrykk
Søndag 15. oktober, kl.12-15
Kl. 13: omvising for born i utstillinga Sjukdommane som endra historia
Aktivitet: maskeverkstad. Lag ein søt, artig eller skummel maske, så er du klar til allehelgensfeiring!
Kafeen serverer heimelaga potetkake i heile haustferien, laga på potet dyrka på Brendøya.
Velkomen til oss!
Ordinære billettprisar gjeld for haustferiedagane:
Born 0-17 år: gratis
Vaksen: 110,-
Honnør/student: 80,-