Sogn Fjordmuseum Sogn Fjordmuseum

Om museumstilbodet

Opplev båt- og fjordliv i eldre tider med eit besøk på Sogn Fjordmuseum på Kaupanger.

Ved Kaupanger ferjekai, ligg Sogn Fjordmuseum. Frå gamalt av var fjorden viktig både som matfat, næringsveg og ferdselsåre og han var ein føresetnad for levemåten og busetnaden i Sogn.

Her er ei eineståande samling av båtar frå Sogn. Her er også ein rekonstruert båtbyggjarverkstad og reiskapar for båtbygging. Dessutan finn ein tradisjonelle fiskereiskap av alle slag.

Fjorden var livsnerven til sognebygdene i eldre tider. Han var ferdslevegen. Langs dei steile fjellsidene kring Sognefjorden var det svært mange stader rett og slett uråd å ta seg fram på annan måte enn med båt. Sjølv der landet var slik at det var farande for folk, var det mykje lettare å nytta fjorden som veg, enten det var menneske, dyr eller varer, som skulle fraktast. I museet finn du alle dei vanlege bruksbåtane til sogningane, frå færingen, som var den vanlegaste, til storebåten, ei lita sognejekt.

Men fjorden var ikkje berre veg. Han var også stabbur. I fjorden var torsk og hyse, sei og lyr, kveite og brosme, sild og brisling, laks og aure. Her var ei matkjelde som folk visste å nytta seg av.
I museet finn du fiskreiskapane: Notbåten og nøtene, teinene, rusene, pilkane og skjelskrapene. Historia til sogningane let seg ikkje forstå utan at fjorden og kulturen kring gjeremåla på fjorden har ein sentral plass. Dette gjer Sogn Fjordmuseum til eit viktig museum for oss sogningar.

sogn-fjordmuseum/sogn-fjordmuseum-espen-mills.jpeg.
Foto: Espen Mills