Opplev handelsstadens livlegaste dag!
I år igjen vert det arrangert handelsdag på Vågsberget. Det vert fleire spanande bodar og aktivitetar, musikk, og gardsdyr som kjem på besøk. Vi held guida omvising i tunet og har servering av rømmegraut og bakst i kaféen.
Vågsberget er ein gammal handelsstad som fekk kongebrev og handelsprivilegie på 1600-talet, men det er heller ikkje usannsynleg at det gjekk føre seg litt handel her i tida før det. Dette var nemleg ein storgard og låg lagleg til ved sjøvegen! Mot midten av 1800-talet var det nedgangstid i handelsverksemda og til slutt var det ikkje lenger handel på Vågsberget. Sidan 2024 har vi haldt ein storslått handelsdag på Vågsberget for å heidre den gamle handelsstaden!
Kva skjer på handelsdagen?
Vi har ein rekke salsboder av både lokale produsentar og privatpersonar:
Fiskeprodukt og fiskeutstuyr: Kim Rudi Røykeri AS (røyklaks), P Stave AS (tørrfisk/klippfisk), Olav Nydal (gammalt fiskeutstyr) og Kystkulturlaget (tørrsild)
Gardsprodukt og matvarer: Håjen bakeri (tradisjonsbakst), Nordfjordhjort (kjøtprodukt), Måløy Spisskammers (gardsprodukst), Påldtun (gardsprodukt som sylte og saft), Ramstadbue (såper av urter, blomar og ville vekster og glutenfri "Gudbrandsdalskaku") og Øygunn Borne (produkt av ramsløk og glutenfrie produkt)
Ull, strikk og tekstil: Nordfjordull (tråd, ull og strikketøy), Kristin Lillestøl (heimestrikka islendere) og Ida Margrethe Hal (heimestrikka gensera)
Kunst og handverk: Eva Marie Pleym (bilder), Hilde Hagen (malerier), Solveig Seljemo (handlaga vesker) og Laura Myre Lofnes (omarbeidd sølvtøy)
Møt lokale gardsdyr:
Skotsk høglandsfe frå Tytingvåg gard
Alpakka frå Huldretun gard
Det vert fleire aktivitetar gjennom dagen:
Sjøbris Adventure skal halde yoga i hovudhuset og coasteering i fjæra
Vågsøy historielag skal halde quiz (i tillegg til sal av bøker) - vinnaren får eit årskort til musea i sogn og fjordane!
Erling Wåge og Torskangerpoll musikklag bidrar med live musikk
I tillegg skal museet halde:
Kvernsteinsaktivitet i tunet - kvern mjøl og driv byttehandel i krambua
Aktivitetar i drengestova
Guida omvising i tunet