Vågsberget Vågsberget
vaagsberget/vagsberget_handels_og_gjestgjevarstad_msf_01976_foto_henning_a.__hellebust-1712923694.jpg.

Omvising på Vågsberget

Stad Vågsberget

Velkommen inn

I sommarsesongen får du tilbod om omvising gjennom det herskaplege hovudhuset og den innhaldsrike krambua med våre dyktige sommarvertar.

Hovudhuset

Det var her eigarane av handels- og gjestgjevarstaden budde og tok imot gjester. Huset er ein flott representasjonsbygning som synte avstanden mellom drivarane av plassen og lokalbefolkninga rundt. I frå dette huset styrte fleire menn og kvinner ei vellykka handelsverksemd og overnatting.

Huset er frå rundt 1800 og er bygd etter arkitektoniske ideal frå Bergensarkitekturet. Her får du sjå døme på fleire ulike stilartar både ute og inne. Inne er mange av dei originale overflatene bevart. I sommarsesongen kan du bli med omvisarane våre gjennom bygget og lære meir om stilartane, menneska som har levd her og ikkje minst kva huset vart brukt til etter at stordomstida til handelsstaden var over.  

Krambua

I den innhaldsrike krambua kan ein utforske det innhaldsrike vareutvalet i butikken og lære meir om korleis eigarane av Vågsberget dreiv handel og ikkje minst skjenkestove.

Her kunne fiskarar få solgt fangsten sin, men ofte fekk dei seg ein tur innom sjenkestova før prisen vart avtalt. Eigarane på Vågsberget førte varene til Bergen og frakta heim att varer som dei kunne selje i krambua.

Omvising utanom opningstidene?

Ynskjer du omvising utanfor opningstidene? Ta kontakt med Kystmuseet i Sogn og Fjordane på e-post: ksf@misf.no

Nærbilete av ei glassmugge som står på eit lite bord ved eit vindauge. Sollys frå vindauget skin gjennom glas i mugga.
Omvising i hovudhuset. Foto: Henning Hellebust