Astruptunet Astruptunet
To kvinner i bunad planter rabarbra i grøn eng. Ei anna kvinne i bunad ser på. Bak sit publikum på linje.
Publisert 21/04/2026
Av Henning A. Hellebust

Europeisk prestisjepris til Astruptunet

Den europeiske kulturarvs-organisasjonen Europa Nostra deler ut pris til Astruptunet sin restaurerte gardshage i kategorien konservering og tilpassa gjenbruk.

Sidan 2018 har det føregått eit omfattande arbeid med å attskape kunstnaren Nikolai Astrup sin mangfaldige kunstnarheim Astruptunet. Då Hennar Majestet Dronning Sonja nyopna tunet for publikum i 2024, var Astrup sine dyrkingsterassar, frukthage, grønsakbed og blomeprakt attskapt, og bygningane, stiar og vegar var restaurert tilbake den tida han sjølv budde der på 1920-talet. No får arbeidet, spesielt med hagen, anerkjenning frå øvste faglege hald i Europa.

– Dette er ei stor anerkjenning av den kulturarven Astruptunet er. Arbeidet som vart lagt ned har gitt oss eit enno større mangfald å formidle til publikum når dei besøker oss: både kunst, bygningshistorie og ein gardshage vi kan oppleve, hauste frå og tilby smakar av, seier museumsleiar Solveig Berg Lofnes ved Astruptunet.

Smilande kvinne med grått hår og svart t-skjorte framfor gamle trebygningar med torvtak.
Arkivfoto av Solveig Berg Lofnes i ein blømande Astruphage.

Juryen til Europa Nostra grunngjev prisen mellom anna med at den restaurerte gardshagen viser kor sentral den var i kunstnaren sitt liv og virke. Arbeidet som er gjort løftar fram viktigheita av hagar som kulturarv og tradisjonsberar, heller enn dekorative rom. Restaureringsarbeidet styrkar juryen sitt syn på at historiske hagar er ein eigen og sårbar kategori av kulturarv.

– Eg og mine medarbeidarar i prosjektet tek imot denne prisen i stor takksemd. Den oppgåva vi tok på oss er sett av ein stor europeisk kulturminne-institusjon. Det er ei ære og enorm anerkjenning å få være eit medlem i Europa Nostra-familien, seier Ingeborg Mellgren-Mathiesen i Arkadia Landskap, som har vore fagansvarleg for arbeidet med hagen.

Hagen del av kunsten

Ho meiner at Astruptunet ikkje berre ein viktig og uvanleg gardshage, med karakteristiske grøne dyrkingsterrassar og torvgardar. Anlegget er også eitt av Norges viktigaste døme på ein hage, skapt av en kunstnar, som seinare vart ein del av det kunstnariske virket og inspirasjonen hans. Ho opplever at staden er sterkt prega av Nikolai Astrups eigne visjonar og tradisjonsbundne arv frå Jølster og hans framsynte tankar om miljøvern.

Rabarbra, ei bjørk, framfor gamal trebygning.
Astruptunet på høgsommaren. Rabarbra var ein viktig vekst for Nikolai Astrup, både til konsum og i kunsten.

Prisen vert delt ut under det europeiske toppmøtet for kulturarv i Nicosia, Kypros den 28. mai. Døme på andre prisvinnarar i år er den statlege operaen i Budapest, eit klosterkompleks i Polirone, Italia, Bánffy-borga i Romania og saltproduksjonsanlegget Salinas de La Concepción på Menorca.

– Vi er svært glad for den gjeve og prestisjetunge prisen til Astruptunet. Dette er ei stor anerkjenning av eit langsiktig og grundig arbeid med å ta vare på ein heilt unik del av kulturarven vår, seier ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune, eigar av tunet.

Collage med foto av alle vinnaraen av Europa Nostra Awards 2026.
Europa Nostra Awards sine vinnarar av i alle kategoriar 2026. Trykk på biletet for å lese om alle.

Stem på publikumspris

I Nicosia vert også publikumsprisen delt ut. Prisen går til den vinnaren som får flest publikummstemmer. Du kan stemme på din favoritt ved å trykke på knappen nedanfor. Du må stemme på tre kandidatar, og får berre stemme ein gong. Merk at du må godkjenne stemma di i e-post du mottek som kvittering for avlagt stemme. 12. mai er fristen for å stemme.

Europa Nostra er ei samling av europeiske organisasjonar som fremjar kulturarv, med medlemmer frå over 40 land. Oppretta i 1963, er organisasjonen det viktigaste og mest omfattande kulturarvsnettverket i Europa, med tilknyting til EU, Europarådet, UNESCO og andre internasjonale organ. Organisasjonen jobbar for å styrke kulturarvsarbeidet og redde trua kulturarv over heile kontinentet, og deler årleg ut European Heritage Awards.

Europa Nostra logo med påskrift

Juryen sitt grunnlag

Astruptunet er den tidlegare eigendomen til den norske målaren Nikolai Astrup. Det ligg i bratt nordvendt terreng ned mot Jølstravatnet i Sunnfjord, Vestland. Astrup kjøpte det vesle småbruket i 1912 og omskapte det gradvis til eit terrassert gardshagelandskap. I perioden frå 1912 og fram til sin død i 1928 planta han ei mengd frukttre, han anla grønnsaksbed og forma torvgardar. Hagen forsynte familien med mat og er avbilda i mange av Astrup sine måleri og trykk. Gardshagen kan opplevast som eit «Gesamtkunstwerk», der kulturlandskap, arkitektur og kunstnerisk visjon er tett bunde saman og dannar ein heilskap.

Over tid forsvant mykje av den opprinnelege beplantninga i hagen og landskapsformene mista sine strukturar. Nokre frukttre vart felt, plantemangfaldet gjekk tapt og dyrka areal grodde att. Bygningane stod framleis, men eigedomen hadde stått ubebudd i fleire tiår og hagestrukturen hadde i stor grad forfalle.

Eit hageforskninsprosjekt gjennomført av landskapsarkitekt/hagehistorisk forskar mellom 2015 og 2018 la grunnlaget for restaureringa. Arkivmateriale som brev, plantelister, historiske fotografi og kunstverk vart gjennomgått saman med arkeologiske og botaniske undersøkingar. Intervju med familiemedlemmer og bebuarar i Jølster gav meir opplysningar. Restaureringsperioden som vart valt var 1912–1928, med omsyn også teke til dei åra Astrup si enke Engel forvalta eigendomen. Ein internasjonal vitskapeleg komité bidrog med fagleg kompetanse.

Denne omfattande forskinga danna grunnlaget for rekonstruksjonen av tunet og hagestrukturen. Historiske plantesortar vart gjeninnført, blant anna originalt plantemateriale og podekvistar frå historiske frukttre i regionen. Nasjonale og regionale genbankar leverte ytterlegare plantemateriale. Torvgardar, grusgangar og bygningselement vart bygd opp att ved hjelp av lokale handverksteknikkar. Tradisjonelle dyrkingsmetodar beskrive i Astrup sine eigne skrift vart teke i bruk.

Dei åtte lafta bygningane på eigendomen vart restaurert av lokale tradisjonshandverkarar og bygningsvern-arkitektar, med utgangspunkt i ein tilstandsrapport utarbeida av Norsk institutt for kulturminneforsking. Rekonstruksjonsprosjektet vart gjennomført mellom 2020 og 2024.

Oransje keisarkroner i frodig hage.
Kvar enn du snur deg i Astruptunet om sommaren, ser du nye vekster.

Bidragsytarar for Astruptunet

Både forsking, dokumentasjon og eit langt arbeid med både hus, hage, og infrastruktur er lagt ned for å attskape heilskapen i Astruptunet. Dette er dei viktigaste bidragsytarane.

  • Finansiering og mogleggjering av prosjektgjennomføring: Sparebankstiftelsen DNB og Sunnfjord kommune.

  • Prosjektleiing bygg og anlegg: T2 Prosjekt as v/Lars-Henrik Milert.

  • Landskapsarkitekt/prosjektleiing rekonstruksjon av gardshagen: Arkadia Landskap MNLA. v/Ingeborg Mellgren Mathiesen.

  • Arkitekt restaurering av bygningar: Arkitektkontoret Schjelderup & Gram as v/Live Gram.

  • Kulturminnerådgjeving: T2 Prosjekt as v/Astrid Opsal

  • Sunnfjord Kommune: Hilde Bjørkum, Thor Ove Farsund, Bjarne Sunde, Veronica Aalhus, Hanna Bruland, Arve Dvergsdal, Oddvin Klakegg, Olav Johan Årskaug.

  • Høgskulen i Vestland, NOU-prosjektet; "Urterik engmark, forbilder, frøblandinger, etablering og skjøtsel: Emerita Ingvild Austad.

  • Utførande rekonstruksjon og restaurering av gardshage: Sandal AS v/Per Ole Reite, Olav Sætre, Leif Inge Flø, Marthe Boll, Daniel Armitage, Rob Runia, Ingvar Skårland.

  • Byggmester bygningsrestaurering: Slåtten Grind & Laft AS v/Erlend Slåtten, Jan Inge Dvergsdal, Halvor Slåtten, Idar Sunde. Peis og pipe: Lars Henrik Milert og Niclas Milert.

  • Genetisk plantemateriale, rabarbra, løk, stauder, bær og frukt: Gamle hager i Jølster. Familien Astrup. Njøs Frukt- og Bærsenter.

  • Poding av historiske frukttre: Åberge Planteskule as v/Ester og Jon Aaberge.

  • Gravearbeid. Magnar Dvergsdal.

  • Elektro: Henden Elektro v/Vidar Mallesvik

  • Rørarbeid: Vestland Rør og Elektro as v/Bjørn Egge.

  • Flytting av Bestastova: Førde Kranutleie as.

Andre viktige samarbeidspartnarar har vore:

  • Ei mengd med frivillige som har stillt opp med kunnskap, historier og arbeidsinnsats.

  • Familiane Astrup, Kramer, Sunde og Solheimsnes.

  • Musea i Sogn og Fjordane ved museumsleiar Solveig Berg Lofnes og avdelingsdirektør kunst Tor Martin Leknes.

  • KODE/Nikolai Astrup forskningssenter for kunst og landskap v/seniorkurator PhD Tove Kårstad Haugsbø.