Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Ein smilande mann og kvinne i vinterkle og lett snøver. Omkransa av stubbar, graner og jølstravatnet og eit fjell i bakgrunnen.
Publisert 11/12/2024
Av Henning A. Hellebust

Her kjem visningssenteret

«På vandring» er vinnaren av arkitektkonkurransen til visningssenter for Astruptunet. Solveig Berg Lofnes og Tor Martin Leknes ser fram til å gje publikum eit enno betre møte med Nikolai Nikolai Astrup sitt liv og kunstnarskap.

– Berre sjå på den utsikta. Herifrå ser vi fleire av Nikolai Astrup sine motiv, som Isdronninga og Bjørsetfjellet, seier ein engasjert avdelingsdirektør for kunst, Tor Martin Leknes i Musea i Sogn og Fjordane.

Saman med museumsleiar for Astruptunet, Solveig Berg Lofnes, står han på tomta der visningssenteret skal byggast. Her vil det bli betre for besøkande, ein kan drive betre formidling og senteret vil avlaste trafikken i sjølve tunet. Det er Sunnfjord kommune som eig Astruptunet og visningssenteret, Musea i Sogn og Fjordane står for drift og formidling av Nikolai Astrup.     

Artikkelen held fram under bildet.

– Dette vil hjelpe oss å gje publikum betre innblikk i kunstnarskapet til Nikolai Astrup og livet han og Engel levde i tunet. Dei aller fleste ønska våre for bygget er godt kvittert ut av «På vandring» av arkitektane Erik Langdalen arkitektkontor, Nicholas Coates, Architect, Bjørbekk og Lindheim, som står bak, seier Leknes, som også har vore ein del av juryen.

– Astruptunet er eit smykke som må stellast fint med. Visningssenteret gjev oss høve til å ha heilårsarbeidsplassar der, som gjer at vi kan stelle tunet heile året. Med dette senteret kan vi stille ut relevant kunst – gjennom heile året. Vi får betre høve til å ta imot gjestene på ein profesjonell måte i verdige mottakslokale, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane, som strekar under at ei viktig rolle for visningssenteret er å avlaste for sjølve smykket.

Sjå dronefilm av tomta og Astruptunet.

Mange mogelegheiter

– Eg er full av inntrykk og spørsmål, men synest bygget er spennande. Eg likar veldig godt amfiet i stein på sida. Det er noko eg har sakna til utandørs arrangement, konsertar, orientering til grupper eller for å berre sitte og nyte, seier ho.

Førsteinntrykket hennar av planløysinga er at «På vandring» har fanga opp dei nødvendige funksjonane. Den er fleksibel med tanke på ulike behov, anten det gjeld arrangement, store og små grupper eller om ein har redusert bemanning.

Enkel skisse av kafelokale med mange små bord og store vindauge.
Slik ser skissa til kafe ut.

– Bygget er tilpassa landskapet på ein fin og elegant måte. Det vil ikkje vere synleg frå sjølve tunet, opplevinga der vil ikkje verte påverka. Samtidig er det kort nok til å gå mellom dei to. Når ein kjem hit, vil ein stige inn i ei anna verd. Eg trur det blir ei høgtideleg oppleving for publikum, seier Leknes.

Tilpassa alle

Tilgang for menneske som har nedsett funksjonsevne er ei stor utfordring i det bratte tunet. Eit krav til visningssenteret er at det skal vere universelt utforma. Løysinga gjev tilgang til alle funksjonar med heis. Det vil framleis vere noko helling mellom tunet og senteret og på ulike stiar og gangvegar, men med denne løysinga vil mange fleire med nedsett funksjonsevne også kunne ta seg inn i sjølve tunet via ein øvre veg.

– Denne løysinga gjev mogelegheit til å ta imot større grupper. Det vil gje betre forhold for publikum, og ikkje minst kunsten. Her vil ikkje gjestene komme rett inn i galleriet med våte regnklede, slik ein gjer no. Kafeen og mottaksområdet er stort nok til konsertar, føredrag og arrangement, seier Lofnes.

MAnn og kvinne står ved sidan av kvarandre med fjell i bakgrunnen.
- Visningssenteret får eitt av dei meir spektakulære kafébygga i regionen. Det vil vere verdt ein tur i seg sjølv, trur Tor Martin Leknes.

Ei utfordringa med Astruptunet er slitasje over tid. Tusenvis av publikummarar set spor. Blir det for mange besøkande, vil det på sikt redusere kvalitetane til staden. For høg trengsel, altså om det er for mange der samtidig, gjev også dårlegare publikumsopplevingar og formidling.

– Senteret vil gje oss høve til å ta meir kontroll over tunet og sortere besøket betre. Hovudmottaket vil bli i visningssenteret, noko som heilt klart vil avlaste tunet, seier Lofnes.

Det planlagde utstillingslokalet på 110 kvadratmeter vil gje topp forhold for å vise kunst både med flyttbare veggar, klimastyring, begrensa innslepp av lys og moderne tryggleiksstandar. Her kan ein vise den rikhaldige samlinga Astruptunet har av trykkplater, papirverk og nokre måleri. Utstillingane skal halde høg kvalitet, gjerne også med viktige innlånte verk.  

Digital illustrasjon av kunstgalleri, måleri på kvite veggar med lysinnslepp i taket.
Slik er utstillingslokalet planlagt.

– «På vandring» er ikkje eit museumsbygg, men eit visningssenter. Her er det eit skilje i bruk. Med sine 2500 kvadratmeter med salar, er det Kunstmuseet i Førde som er museet vårt, der vi viser dei store utstillingane. Tunet, senteret og Kunstmuseet vil fylle kvarandre ut, seier Leknes.

Bærekraft

Det er også sett krav til løysingar som er skånsame mot lokalmiljø, ressursbruk og klimautslepp.

– Vinnaren presenterer ei løysing som krev inngrep i landskapsmassen med betongkonstruksjonar som ligg mot terrenget. Men dei har på same tid teikna inn terrassar i landskapet rundt senteret, som gjev gode forhold for vekst og innplanting. Eg meiner dei har gjort dette på ein gjennomtenkt måte, og dei har samstundes lagt inn grøne taklandskap som absorberer regnvatn. Det er tenkt inn bruk av dette vatnet til grøntområda ved sidan av. Dei har i tillegg opna for fleire moglegheiter for gjenbruk av landskapsmassen som skal takast ut, seier Leknes

No går Sunnfjord kommune og Musea i Sogn og Fjordane inn i ein spennande periode der senteret skal finansierast. Heile prosjektet inklusiv rassikring og utbetra tilkomst, kan passere 100 millionar kroner.  

Arkitektkonkurransen

Krav til visningssenteret

- Det skal skåne kulturminnet Astruptunet for slitasje ved auka bruk.

- Senteret skal ha ei underordna rolle i forhold til sjølve Astruptunet.

- Det skal vise respekt for kulturmiljøet, kulturlandskapet og naturverdiane i området.

- Det skal romme gode fasilitetar for utstillingar, kafé, sanitære forhold, og innehalde studie- og kontorlokale for tilsette og gjesteforskarar og -kunstnarar ved tunet.

  

Les fleire nyhende

Sjå alle