Astruptunet Astruptunet
Borgen i Astruptunet.

Om museumstilbodet

Heimen til Engel og Nikolai Astrup ligg som eit smykke over Jølstravatnet. Her kan du sjå Nikolai Astrup sin kunst på nært hald, og korleis han bygde opp heim og gard som både motiv og leveveg.

Den vakre kunstnarheimen til Engel (1892 – 1966) og Nikolai Astrup (1880 – 1928) ligg harmonisk oppover fjellsida til Jølstravatnet. Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar og har både i 2016 og 2021/22 hatt utstillingar i England, Tyskland, USA og Sverige.

Astruptunet er eit kunstverk i seg sjølv. Både bygningar, interiør og gårdshagen kjenner ein att i kunstverka, og mykje av dette er skapt og forma av Nikolai Astrup. Når du starter ved vatnet og vandrar den svingete stien opp i det frodige tunet, bevegar du deg gradvis tilbake i tid. På sitteplassar i gårdshagen kan du nyte utsikta, bruke alle sansane og atmosfæra gir deg ro i sjela.

Publikum ser på planter i Astruptunet.

I hagen gjenskaper vi livsverket til kunstnarene. Her kan du oppleve ein hage med plantar og vekster som Nikolai Astrup nytta igjen og igjen som motiv i måleria sine. Den nydelege fruktblomstringa om våren, dei raudglødane rabarbrane, bær på seinsommaren og frukt på hausten fortel òg historia om sjølvbergingshushald. Etterkvart vil alle dei tilbakeførte plantane til Astrup, gje deg god innsikt i kva som var i gårdshagen av nyttevekstar. I det bratte terrenget ligg dei flotte og sårbare torvgardane Nikolai Astrup skapte.

Publikum får omvising i Kjøkenstova i Astruptunet.

Saman med våre sommarvertar kan du vere med på omvising i husa som Astrupfamilien budde i. Her får du høyre korleis familien levde i første halvdel av 1900-talet. I galleribygningen, som er ein kopi av Astrup sin eigen fjøs, finn vi unike trykkeplater og stemningsfulle tresnitt -  samt eit godt utval av rike måleri. I galleriet finn du òg nokre av dei vakraste stofftrykka til Engel Astrup.

Publikum ser på tekstiltrykk av Engel Astrup i Astruptunet.

Astrup var ein nyskapar i tresnittkunsten i Noreg. Etter studiar i Oslo og Paris, flytta Nikolai heim for å skildre naturen i Jølster. Astruptunet huser den største og mest særeigne samlinga av trykkplatene etter kunstnaren. Engel Astrup sin tekstilkunst har dei seinare år blitt løfta gjennom utstillingar. Hennar sentrale rolle på Astruptunet som driftar har blitt ein essensiell del av museets forteljing om kunstnarheimen deira.

I kaféen, kan du kjøpe heimelaga vafler og sveler, iskrem og kaffe som du kan nyte inne eller ute ved eit av hageborda. Seljekallen kan du ta med deg heim på t-skjorte og handlenett. Kanskje du skal sende eit postkort heim med Astrupmotiv eller henge reproduksjonar opp i stova?

Gjester nyt mat frå kaféen i Astruptunet.