Astruptunet Astruptunet
Oljemaleri i gullramme med jonsokbål som motiv.

Galleri med orginalkunst

Stad Astruptunet, galleriet
NY UTSTILLING 2026: DEN KREATIVE HEIMEN

I sommarsesongen 2026, vil ein kunne sjå og oppleve utstillinga "Den kreative heimen" i vårt galleri. Nikolai Astrup er ofte skildra som «heimen og familien sin målar». Han måla barndomsheimen sin, prestegarden i Jølster, og då han og Engel Astrup flytta til Sandalstrand, vart også den nye heimen deira eit sentralt motiv. I den nye utstillinga "Den kreative heimen" møter du Nikolai nettopp på heimebane, med familie og kvardagsliv som bidreg og set kunsten i eit nytt lys.  

Publikum ser på tekstiltrykk av Engel Astrup i Astruptunet.

Orginalkunst i tunet

Galleriet har skiftande utstillingar med orginale verk frå eiga samling i kombinasjon med innlån frå andre institusjonar og private eigarar. I galleribygningen er ein kopi av Astrup sin eigen fjøs, og her vil ein finne unike trykkeplater og stemningsfulle tresnitt samt eit godt utval av rike måleri av Nikolai Astrup. I galleriet finn du òg nokre av dei vakrestofftrykka til Engel Astrup.

Astrup var ein nyskapar i tresnittkunsten i Noreg. Etter studiar i Oslo og Paris, flytta Nikolai heim for å skildre naturen i Jølster. Astruptunet huser den største og mest særeigne samlinga av trykkplatene etter kunstnaren. Engel Astrup sin tekstilkunst har dei seinare år blitt løfta gjennom utstillingar. Hennar sentrale rolle på Astruptunet som driftar har blitt ein essensiell del av museets forteljing om kunstnarheimen deira.

Galleriet følgjer tunet sine opningstider. Ein løyser billett i kaféen eller hos museumsvert i galleriet.
Om du er med på omvising i husa, er inngang til galleriet allereie inkludert i billetten.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. januar — 22. mai
Ikkje faste opningstider. Hald deg oppdatert på våre heimesider og kanalar. Ta kontakt for besøk og omvising utover våre opningstider.

Prisar

  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, student/honnør*: 170,-
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden