Lurer du på om Holvikejekta er ein stad som passar å ta med borna?
Vi ynskjer at Holvikejekta skal vere ein plass for både store og små – ein stad der alle kan undre seg over korleis jekta vart bygd og kvar ho segla.
Målet vårt er å lage opplegg som passar for heile familien, slik at eit besøk hjå oss blir ekstra minnerikt.
I år får borna lære om Holvikejekta saman med Liv og Olav.

Borna vil få eit aktivitetshefte der Liv og Olav har spørsmål og oppgåver, som borna skal løyse medan dei vandrar gjennom utstillingane. Her får dei lære om jektefart, bygginga av Holvikejekta og Nordfjordbåtutstillinga.
Heftet gjer besøket meir spennande og engasjerer borna medan dei utforskar utstillingane saman med dei vaksne. For veit du kor stort mannskapet på jekta var, eller kor lang tid det tok å byggje Holvikejekta? Svaret finn de i utstillinga!

Aktivitetsheftet passar best for born i skulealder og blir ekstra moro når dei vaksne er med og deltek.
