Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Sayed Sattar Hasan, Portett av Hasansen, 2020 © Sayed Sattar Hasan / BONO.
Publisert 30/09/2022

Vising av "Hasansens kjelke"

Denne hausten blir Høgsalen i 1. etasje til eit rom for videokunst, der vi skal vise "Hasansens kjelke" (2020) av Sayed Sattar Hasan.

Etter kunstnaren sitt første møte med Norge i 2018 har han latt seg inspirere av historia om Fridtjof Nansen, som utvikla ein eigen kjelke for å krysse Grønland i 1888. Hasan ynskja lage sin eigen kjelke, men med det pakistanske sitte- og kvilemøbelet Charpai som utgangspunkt. Verket fortel såleis om korleis Hasan som karakteren Hasansen får laga den første Charpai-kjelken i historia, med hjelp av ein skimakar frå Valdres og ein charpaimakar frå Pakistan. Med tre parallelle filmar ved sidan av kvarandre i den store salen vil publikum få oppleve kunstnarens dokumentasjon av prosessen og charpaikjelkens første tur i skibakken.

- Vi gler oss til til å vise fram enno eit verk frå dei ekstraordinære innkjøpa vi gjorde i 2020/2021 - denne gongen i Høgsalen. Hasan brukar verket til å fortelje om møtet mellom to heilt forskjellige kulturar, og kva det eigentleg betyr å vere norsk i dag, seier museumsleiar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum Mayra Henríquez. Eit av hovudmåla for kunstmuseet med dei ekstraordinære innkjøpsmidlane var å sikre seg kunstverk som kunne spegle mangfaldet av kunstnarar i Noreg.

-Vi vil gje publikum kunstverk som fremjar ein brei representasjon og fortel historier frå ulike grupper sine perspektiv. Hasansens kjelke er såleis treffande, og vi gler oss veldig til å vise det i Høgsalen, smiler museumsleiaren til sist.

Hasansens kjelke vil stå frå oktober til desember 2022.

Bli kjend med karakteren Hasansen

I videoen over stiller Sayed Sattar Hasan spørsmålet 'kven er Hasansen?' til ei rekke kulturelle kommentatorer: Liisa-Rávná Finbog, Fakhra Salimi, Peder Valle, Marit Silsand and Kjetil D. Kristensen.

Filmen ser på ein rekke perspektiv på kva idéen rundt karakteren Hasansen og korleis Hasansens Kjelke (2020) kan vere ei del av norsk kulturarv. Ved å byte mellom fiksjon og røyndom, bygger kunstnaren opp myten rundt Hasansen. Samstundes diskuterer han nasjonalidentitet, historier og folkekultur som oppdikta forteljingar som stadig må stilles spørsmål ved for å oppretthalde ein relevans.

Teksten er henta frå kunstnaren si heimeside: https://www.sayedsattarhasan.com/. Gjengitt med tillatelse.

Toppfoto: Sayed Sattar Hasan, Portett av Hasansen, 2020 © Sayed Sattar Hasan / BONO.