– Noko av det viktigaste oppdraget vårt er å gje eit skikkeleg tilbod til barn og unge . Dette har vi tenkt å gje meir plass, seier museumsleiar Mayra Henriquez ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Ei god stund no har Kunstmuseet jobba for å få til betre forhold for formidling utanfor sjølve utstillingsområda. Henriquez har jobba saman med sivilarkitekt Christina Kvamme om å utvikle ei betre løysing.
Resultatet blir at lokala til Kafe Sobra vert overtekne av eit heilt nytt verkstads- og formidlingsrom. Her vert det lagt til rette for aktivitetar for alle aldersgrupper, men spesielt barn- og unge. Å plassere dette rett ved inngangspartiet viser også at kjernaktiviteten på museet er formidling av kunst og kunsthistorie.
Samtidig har økonomien til Kafe Sobra lenge vore utfordrande. Trass i dyktige medarbeidarar, hardt arbeid og fornøgde gjester, har drifta gått med underskot. Desse har ein måtte dekke med midlar frå drifta til museet elles. Slik kan ein ikkje halde fram. Det går ut over hovudoppdraget – å skape gode utstillingar og formidlingsaktivitetar.
– Vi måtte tenke nytt, og gjennomfører to grep. Det eine er å slutte med eigen matproduksjon. Det andre er å flytte kafeen inn i kjernen av bygget, saman med eit nytt butikk- og resepsjonsområde. Her vil det også bli gjennomført arrangement på kveldstid. Tilbodet publikum er vande med i Kafe Sobra i dag, vil forsvinne, men vi kjem til å knyte oss til gode leverandørar av bakevarer, og vil framleis ha god kaffi og drikke, seier Henriquez.
Kafedrifta vert avvikla 1. september. Endringa vil i all hovudsak røre ved tilsette med avtalar utover sommaren. Museet vil saman med desse sjå på moglegheit for andre løysingar.
Endringane vil krevje noko ombygging og tilrettelegging. Vestland fylkeskommune, som er eigar av bygget, er orientert om planane. Ein reknar med at endeleg plan vert lagt i samarbeid med dei over sommaren.