– Dette blir utruleg spennande! Eg er audmjuk og takksam, og gler meg svært mykje, seier Henríquez.
Henríquez vaks opp i Caracas, Venezuela og flytta til Bergen tidleg i 20-åra, der ho har budd sidan. Hennar siste rolle i Bergen, var som dagleg leiar ved Vestlands største samtidskunstgalleriet Kunstgarasjen. Ho har også mange år med erfaring frå KODE, som prosjektleiar og kurator innan samlingsforvaltning. Henríquez var også med å etablere den første samtidskunsttriennalen – Bergen Assembly, der ho var kunstfagleg koordinator og formidlingsleiar – i tillegg til mykje anna.
Isblokka skal skine innanfrå
– Kunstmuseum må tore å tenke ukonvensjonelt i møte med stadige endringar i behov og interesser hjå publikum. Samtidig som ein skal ta vare på kunstskattane, tradisjonane og vere kunstfagleg relevante. Det viktige er at utstillingane og anna formidlingstilbod betyr noko i vanlege folk sin kvardag, seier Henrìquez.
Utstillingar er kommunikasjon, meiner Henríquez. Dei skal påverke, utfordre, vekke tankar, engasjere. Ho meiner tema som digitalisering, bærekraft, mangfald og inkludering er svært viktige tema framover.
– Eg inviterer alle til å engasjere seg. Eg ønskjer å lytte. Museet er jo alle sitt, for alle. Mi casa es tu casa. Velkomen inn! seier ho.
Rett person til jobben
– Mayra kjem til oss med både erfaring, kompetanse og nettverk. Ho har mellom anna jobba med svært spennande utstillings- og formidlingsprosjekt, retta mot barn og unge. Både eg og staben gler oss til fortsetjinga med Mayra med på laget, og eg er lukkeleg over å vere i mål med tilsetjinga. Vi har funne rett person, seier avdelingsdirektør for kunst i Musea i Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes.