Blant handlande sunnfjordingar på Alti Førde, står vi laurdag 4. oktober klare på Storebrua for å møte deg. Staden er kjend som Skywalken på folkemunne, og her kan du gle deg til aktivitetar som teikning og trykking, midt i handleturen.
– Vi ynskjer å møte folk midt i handleturen, og byr på aktivitetar som normalt føregår innanfor museumsveggane. Folk skal få ta del i kreativiteten som ligg i botn av det å skape med hendene. Denne dagen ynskjer vi å møte folk som vanlegvis ikkje kjem på museum, fortel Tor Martin Leknes som er direktør for kunstavdelinga i Musea i Sogn og Fjordane.
For born i alle aldrar
Olin Steinsvik og Henriette Hukset er museumspedagogar på Astruptunet og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. I kvardagen tek dei imot både skuleklassar og publikum i alle aldrar, som del av musea sine formidlingstilbod. Dei jobbar også med utvikling og gjennomføring av verkstadar, der besøkande kan utfalde seg.
– Denne laurdagen kan folk gle seg til teikning i mørket med lysande tusjar. Og vi skal sjølvsagt bruke dei store egga på Storebrua som del av aktivitetane, seier Hukset.
Her vil du til dømes kunne setje deg ned og gjenskape motiva til sjølvaste Nikolai Astrup. Med god støtte frå eit spesial-tilpassa bord, kan du faktisk teikne fram fleire av dei kjende motiva til kunstnaren. Og kanskje har du lyst til å ta ein selfie med ditt ditt eige ansikt inn i eit av Astrup sine sjølvportrett?
– Vi trur desse rammene er perfekte for å nå ut enno breiare. Dette vert lågterskel-aktivitetar for alle - både små og store. Vi har stor tru på å ta musea ut til folket, og har lyst til å halde fram med liknande tilbod, fortel Steinsvik.
Haustferie og VM i vektløfting
Dagen på Alti Førde er også ein forsmak på tilbodet til dei to musea i haustferien og under VM i vektløfting. På kunstmuseet er det utvida opningstider, med både utstillingar og verkstad der publikum kan øve på å teikne sjølvportrett.
Astruptunet held ope frå tysdag til fredag, med omvisningar to gonger om dagen. Laurdag 11. oktober kan besøkande få vere med på å smake på rettar som utelukkande er basert på grønsakar, frukt og bær frå Nikolai Astrup sin mangfaldige hage.
Community art, eller deltakande kunst, er ein kunstpraksis der lokalbefolkninga blir aktivt involvert i skapinga. Det kan skje gjennom verkstader, samtalar, felles bygging eller kunst som dukkar opp der folk er, og inviterer til deltaking og felles refleksjonar.