Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/audunn-naustdal-holsen.jpg.
Publisert 07/12/2023

Tekstilkunstnar får stipend

Audgunn Naustdal Holsen er mottakar av Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt produksjonsstipend 2023 på kr 100 000 med midlar frå Bildende Kunstneres Hjelpefond.

Kunstfagleg råd ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum gjorde i møte 14.11.2023 einstemmig vedtak om å innstille Audgunn Naustdal Holsen til  det regionale BKH-stipendet 2023 på kr 100.000. Styret for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane slutta seg til innstillinga i styremøte onsdag 22. november. 

Rådet har lagt vekt på at stipendmottakar har tilknyting til Sogn og Fjordane og at prosjekta skal gjennomførast her.  

Gjenbruksfokus 
Kunstnarens vektlegging av gjenbruk av tekstilmateriale til nye kunstverk, i tillegg til bruk av neslefiber som materiale, har rådet vurdert som relevante og aktuelle. Holsen er ein erfaren og etablert tekstilkunstnar med fleire separat- og gruppeutstillingar både nasjonalt og internasjonalt. Kunstnarskapet er i ei interessant utviklingsfase, og stipendet bidrar til ytterlegare fagleg fordjuping.   

BKH regionale tildelingar 
Stipendet «Delegerte tildelingar» frå Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) har som formål å styrke det regionale kunstfeltet knytt til kunstsentera si verksemd. Kunstsenter som er slutta til Kunstsentrene i Norge (KiN) kan søke om midlar til eigne stipend eller prosjektstøtteordningar. 2023 er siste året Sogn og Fjordane Kunstmuseum tildeler midlane, og frå neste år vert ordninga teke hand om av Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane.  

kunstmuseet/logoar/bkh-m-kongler.png.
Kontaktpersonar 

Audgunn Naustdal Holsen

post@audgunn.no

Tor Martin Leknes 
Musea i Sogn og Fjordane, avdelingsdirektør

torlek@misf.no | 466 93897