Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Museumsleiar Mayra Henriquez står framfor Kunstmuseet i Sogn og Fjordane og held opp eit strandamåleri.
Publisert 01/12/2023
Av Henning A. Hellebust

Vil vise fram kunsten din

Har du eit liknande måleri av eit idyllisk landskap med ei lita hytte med røyk frå pipa, ein våg, rolege fjell i bakgrunnen? Då vil vi gjerne låne det og stille det ut i høgsalen her hjå oss på Kunstmuseet.

Sjå føre deg eit lite arbeidsrom med furupanel, målingflekkar og tørkefiller. Midt på golvet, ein karusell driven av ein symaskinmotor, påmontert åtte huntonit-plater. Ved sidan av, ein mann med ein visjon og ein pensel. Ein veldig rask og effektiv pensel.

Malar sit framfor ein karusell der det er festa bilder på.
Her ser vi korleis strandamalar John Hosøy brukar karusellen for å måle fleire bilder i stor fart. Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

– Vi kallar dei strandamålarane. Det var nokre bønder frå Stranda i Nordhordland som på 1940-talet fekk den ideen at dei kunne tene pengar ved å lage kunst for folk flest på «samleband». I løpet av ein 20 års periode målte dei, og andre som let seg inspirere av dei, om lag ein halv million bilete, seier museumsleiar Mayra Henríquez ved Kunstmuseet i Sogn og Fjordane.

Har du eit slikt måleri?

Dette var måleri som kven som helst kunne skaffe seg. For 5 til 20 kroner, eller 200 til 300 kroner etter dagens kroneverdi, kunne ein henge opp ein liten draum på veggen. Bileta vart selt over heile landet. Kanskje har du sjølv, foreldra eller besteforeldra dine eit slikt bilete hengande i stova, på hytta eller pakka vekk på eit loft?

Museumsleiar Mayra Henriquez viser kvar bilda skal henge i Høgsalen.
Mayra Henríquez drøymer om å fylle høgsalen på Kunstmuseet med innbyggarane i Sogn og Fjordane sine strandamåleri.

– Vi planlegg ei utstilling med bilete frå desse målarane, med opning 21. mars 2024. Dette er ikkje vanleg å finne i kunstmuseum sine magasin, så då lyt vi høyre med innbyggarane. Vi er ganske sikker på at det finst tusenvis av desse bilda her i Sogn og Fjordane, og håpar at mange av eigarane får lyst til å vere med på dette løftet, og låne oss bilda sine. Vi vil gje plass til alle saman i høgsalen her hjå oss på Kunstmuseet, seier Henríquez.

Strandamåleri som syner solnedgangen i ein roleg våg med ei lita hytte med røyk frå pipa.
Eit typisk strandamleri viser gjerne idylliske kulturlandskap med ei lita hytte nær vatnet. Her også med solnedgong.

Utstillinga av kunstnarduoen Alt går bra heiter «Kunst i dei tusen heimar». Dei to har tidlegare laga liknande utstillingar i Bergen og Lindås. I tillegg til å vise fram bileta til strandamålarane, lagar dei eigne kunstverk, installasjonar og skaper omgjevnader med lyd og video for å gjere synleg kva desse måleria betyr for folk.

I folk sine hjarte

– Dette er bilete som korkje kunstverda eller akademia har brydd seg om før Alt går bra byrja å undersøke fenomenet tilbake i 2019. Måleria har ein viktig plass i innbyggarane sine hjarte, og har på sitt vis skapt ei felles førestilling om det norske landskapet. Historia seier også noko om kor viktig det er for folk å ha kunst på veggane, seier Henríquez.

Eit strandamåleri med ei lite hytte, ein våg med svanar på fjorden, ei bjørk og fjell i det fjerne.
Eit strandamåleri med hytte, bjørk, svanar og fjell i det fjerne på plass.

Ho håpar at mange ønskjer å vere med og vise fram sine eigne bilete i Sogn og Fjordane si eiga storstove for kunst. Henríquez drøymer om fulle veggar med idylliske landskapsbilete.

– Kvart einaste av desse bilda har ei historie. Teknikken, kunstnaren, motivet, salet, kven som kjøpte det eller har arva det, kvar det har hengt eller kvifor det har blitt pakka ned. Eg drøymer om ei utstillingsopning med masse folk som deler historier om sine eigne bilete. At vi kan få ei samtale om kva kunst rundt i dei tusen heimar betyr for folk, avsluttar Henríquez.

Dette kjenneteiknar bileta

- Landskapsmåleri, ofte med ei hytte, nær vatn, gjerne med ein fiskebåt, svanar på vatnet, ein holme, fjellandskap i bakgrunnen.
- Ein ser spor etter raske, horisontale penselstrøk med få detaljar.
- Bilda er laga frå cirka 1940 til 1965.
- Dei er målt med oljemåling på lerret, papp, tre- eller huntonit-plater.
- Vi ser ikkje etter bylandskap, portrett, stilleben, havmotiv eller abstrakte måleri.
- Vi ser ikkje etter måleri på papir, plakatar eller trykk.

- Biletet må ha opphengssystem (krokar, vaier eller liknande).

Vil du stille ut bildet ditt?

Slik går du fram

- Møt opp med biletet i resepsjonen på Kunstmuseet i Førde i opningstida.
- Du vil bli spurt om kva du veit om historia til bildet.
- Du får ei kvittering for utlånet.
- Vi stiller ut bildet.
- Du får ei melding om når utstillinga er ferdig og du kan hente bildet att.
- Du får diplom som bevis på at bildet ditt er stilt ut.

Usikker på om du har eit strandamåleri? Finn det fram og samanlikne det med bileta ovanfrå eller bilda synt fram i denne reportasjen frå Norge Rundt. Nedanfor finn du kontaktinformasjonen og opningstidene våre.