Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet

Om museumstilbodet

Kunst set ord, form, farge og lyd på menneskelege erfaringar. I Førde si storstove for kunst, har vi tre etasjar fulle av uttrykk for levd liv, som du kan oppleve, tolke og gruble over. Gjennom året kan du sjå skiftande utstillingar med samtidskunst. Du kan òg fordjupe deg i kunsthistoriske utstillingar med verk frå dei ulike kunstsamlingane i MISF. 

kunstmuseet/konstellasjonar-ingunn-bakke-msf-00626--foto_oddleiv_apneseth.jpg.
Frå samtidskunstutstillinga Konstellasjonar - Ingunn Bakke, 2021 (Foto: Oddleiv Apneseth, CC-BY-2.0)

Samlinga i Førde byr på regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900- og 2000-talet, med nokre internasjonale innslag. Dei fleste verka er laga etter 1970, av om lag like mange kvinner som menn; ein sjeldan kjønnsbalanse i norsk museumssamanheng! Kunstverka er kjøpt, gitt eller deponert til museet. Her finn du unike verk av både kjende og meir ukjende kunstnarar. Gjennom verka får du eit innblikk i kva kunstnarane har sett, tenkt, skapt og ønskt å formidle vidare. Dei fortel historier om det å vere menneske, om naturopplevingar, om politisk engasjement og om rein estetisk leik med form og farge. Kunst er ikkje masseprodusert, men laga med hovud og hender av ein kunstnar som ønskjer å gje deg tankar, kjensler og erkjenningar. Utifrå det du ser kan du assosiere til eige liv og lage deg dine eigne historier.

kunstmuseet/hekt/s1-img_1776.JPG.
Frå samlingsutstillinga med tekstilkunst HEKT, 2021. (Foto: SFKM/Eirin Mailund Svendsen)

Kunstmuseet er òg eit kunstverk i seg sjølv, teikna av det danske arkitektfirmaet C.F. Møller si Osloavdeling. Nybygget frå 2012 er inspirert av dei mange isbreane i fylket og ligg som ei massiv isblokk midt i sentrum. Fasadane er dekt av kvite glasflater, brotne opp av ujamne sprekker som i is. Om kvelden får lyset i «issprekkene» bygget til å funkle og skine.

kunstmuseet/sogn-og-fjordane-kunstmuseum-msf-00641--foto_oddleiv_apneseth.jpg.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum lyser opp i mørkret. (Foto: Oddleiv Apneseth, CC-BY-2.0)

Når du kjem inn i hjartet av museet og går oppover den djupturkise trappa, er det som å bevege seg i ein stor skulptur. På toppen av trappa kan du ta turen ut på takterrassen og nyte panoramautsikta mot fjella rundt.

kunstmuseet/takterrassen-pa-sogn-og-fjordane-kunstmuseum-msf-00630--foto_ingrid_norum.jpg.
Takterrassen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum sett frå nabobygget. (Foto: Ingrid Norum, CC-BY-2.0)

I resepsjonen finn du ein rikhaldig butikk med biletkunst og kunsthandverk produsert av regionale og nasjonale kunstnarar. På Kafé Sobra freistar vi med varme og kalde rettar frå eige kjøken.