Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Kunstmuseet i Førde med refleks av sola.

Om Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Historie

I 1987 vart Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane etablert, som det første av fylkesgalleria i landet. Fylkesgalleriet var i mange år lokalisert i kjellaren på Røde Kors-bygget i Førde, og var nabo med Sogn og Fjordane Kunstnarsenter (SFKS). I 1995 flytta Fylkesgalleriet til nye lokale på Prestebøen, i den tidlegare husmorskulen i Førde. I 2001 skifta Fylkesgalleriet namn til Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM).

I 2004 vart Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum oppretta. Den hadde ansvar for drifta av Anders Svor Museum (ASM), Astruptunet (AT), Eikaasgalleriet (EG), Gjesmegalleriet – no Sogn kunstsenter (SKS) i Lærdal – SFKM og ei vidareføring av kunstnarsenterfunksjonane til SFKS. SFKS vart skipa i Sogndal i 1983 og flytta til Førde i 1986. Det har hatt tilhald både i kjellaren på Røde Kors-bygget og inst i Førdehuset (frå 1996).

I 2009 vart Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF). I dag utgjer Astruptunet, Eikaasgalleriet, Sogn kunstsenter, Sogn og Fjordane Kunstmuseum Avdeling kunst i MISF. Anders Svor Museum vart i 2020 ein del av Stiftinga Viti på Sunnmøre.

I 2012 flytta SFKM og kunstnarsenterfunksjonane inn i eit splitter nytt, 4. etasjar høgt og 3000 kvadratmeter stort bygg i Førde sentrum. Samlinga til kunstmuseet fekk endeleg verdige tilhøve i nytt magasin og flotte utstillingslokale. Nybygget er teikna av det danske arkitektfirmaet C.F. Møller si Osloavdeling. Dei har òg teikna nabobygningane Storehagen Atrium og Meieritomten boliger.

I 2022 vert Sogn og Fjordane Kunstnarsenter skilt ut frå kunstmuseet som eigen institusjon, styrt av Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge (NKVN). Som nabo til Sogn og Fjordane Kunstmuseum i sentrum av Førde, flytta kunstnarsenteret inn i dei gamle postlokala og opna for drift hausten 2023.