Pandoras øskje
12. februar–26. april 2026
Formidling- og utstillingsprosjekt, samarbeid med Førde VGS og Sunnfjord Museum
Korleis verdset vi ting? Når blir noko tatt vare på – og når blir det kasta? Desse spørsmåla er relevante for alle. Samtidig har musea eit særskilt samfunnsansvar for å bevare ting for fellesskapet. Pandoras øskje inviterer deg til å sjå på kvardagslege ting med nye auge og reflektere over korleis verdi oppstår, endrar seg og forsvinn.
Utstillinga er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom elevar ved Kunst, design og arkitekturlinja på Førde vidaregåande skule, Sunnfjord Museum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Med gamal emballasje og anna gjenbruksmateriale som utgangspunkt har elevane utforska gjenbruk som kunstnarisk praksis og som del av både lokal historie og vår eiga samtid.
I møte mellom elevane sine eigne verk og utvalde gjenstandar og kunstverk frå samlingane til Musea i Sogn og Fjordane, blir grenser mellom avfall og verdi utfordra. Utstillinga opnar ein viktig samtale om verdi, kva vi vel å ta vare på, og kvifor.
Kuratorar: Elevar frå Førde VGS
Frida Rusti «Eg målar i draume»
17. april–30.august 2026
Utstillinga presenterer måleri og teikningar av Frida Hoeck Rusti (1861–1963), med hovudvekt på hennar norske periode. Rusti arbeidde særleg med portrett, stilleben, landskap og interiør, og er mest kjend for sine uttrykksfulle barneportrett.
Rusti var tysk av opphav, men levde store delar av livet på Vestlandet etter ekteskapet med målaren Olav Rusti. Ho hadde ein sentral, men i dag lite kjend, posisjon i kunstmiljøet i Bergen rundt hundreårsskiftet. Utstillinga syner breidda i kunstnarskapen hennar og løftar fram Urdi-huset som kunstnarheim og møtestad, med nokre verk også av Olav Rusti og samtidige kunstnarar.
Med utstillinga ønskjer Sogn og Fjordane Kunstmuseum å gje Frida Rusti ein tydelegare plass i kunsthistoria og synleggjere eit særmerkt kunstnarskap som har vore lite omtalt, men som er viktig for forståinga av denne.
Kurator: Kristine Kolrud
de:HUMANIZE
5. juni–27. september 2026
Verda er inne i ei krevjande og uforutsigbar tid. I Høgsalen ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum samlar utstillinga stemmer frå fleire verdsdelar.
Verk av kunstnarar frå Afrika, Europa og Amerika løftar fram globale blikk på politikk og samfunn, med tema som krig og fred, utanforskap, identitet, tilhøyrsle og ytringsfridom.
Utstillinga inviterer publikum til å reflektere over korleis kunst kan opne rom for innsikt, motstand og empati – alltid med menneskeverdet i sentrum.
Kuratorar: Mayra Henriquez og Tor Martin Leknes
Oddleiv Apneseth «Det tredje auget»
6. november 2026–25. april 2027
Sogn og Fjordane Kunstmuseum viser ei stor retrospektiv separatutstilling med Oddleiv Apneseth. Utstillinga går over fem rom i to etasjar og presenterer arbeid frå perioden 1980 til i dag.
Kuratorar: Mayra Henriquez og Tor Martin Leknes