Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Cecilie Jonsson, TIdes, 2020-2021.

Cecilia Jonsson - Tides (Førde Fjord) - Videorommet

Tidspunkt til

Tides er eit stadspesifikt og fleirårig prosjekt laga i 2020-2021. Cecilia Jonsson (1979, SE) installerer ein oppspent, ph-sensitiv tekstil for ein periode. Dei valde stadene har ei stor politisk, vitskapeleg, religiøs eller mytisk interesse. Så filmar Jonsson tekstilen medan tidevatnet flør og fjærar.

Verket er ein reaksjon på Nordic Mining sitt rutil- og granatgruveprosjekt i Engebøfjellet i Sunnfjord. Det planlagde dagbrotet kan føre med seg 250 millionar tonn gruveavfall og kjemikaliar i eit sjødeponi i den artsrike laksefjorden.

Gruveprosjektet har i årevis skapt sterk debatt om dei alvorlege konsekvensane for livet i og rundt fjorden. Av verdas 2500 industrigruver dumper berre 11 avfall i havet. Fem av gruvene er i Noreg. Noreg er eitt av tre land i verda som framleis gjev løyve til sjødeponi.

Varighet: 15 min 55 s
Verket vart kjøpt inn til samlinga i 2021 med ekstraordinære koronamidlar.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

6. januar — 31. desember
2025
tysdag-sundag kl. 11-16
måndag stengt
1. mai — 9. juni
Arbeidernes dag 1. mai: Stengt
Nasjonaldagen, 17. mai: Stengt
Kristi himmelfartsdag, 29. mai: Stengt

Pinseafta, laurdag 7. juni: 11-16
Første og andre pinsedag, 8. og 9. juni: Stengt

Prisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Vaksne: 130 kr
  • Gruppe (15+*) min 15 pers.: 110 kr

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde