Vi får besøk av kunstnar og kulturskulelærar Karen Helga Maurstig, som visar oss enkle og morosame måtar å trykke på, både med og utan trykkpresse. Det vert lagt opp til trykking for alle aldre.
For dei som ønskjer kan ein først bli med på familieomvising i utstillinga Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar kl 12:00. Der får du mellom anna sjå fleire av Astrup sine trykk og trykkeplater – etterpå kan du prøve forskjellige trykkemetodar og lage dine eigne trykk i verkstaden! Omvisinga varar ca 30 min.
Gratis for barn!
Billett
Familieverkstaden og utstillingane er gratis for barn i følge med betalande vaksen. Barn under 12 år må bli følgt av ein foresett på verkstaden.
Du kan kjøpe billett på førehand eller kontakt resepsjonen ved ankomst.