Kunstmuseet inviterar til månadleg drop-in verkstad med morosame aktivitetar for små og store. Her leikar vi oss med ulike tema, material og teknikkar innan kunst og kreativitet. Ta med born, borneborn, syskenborn, fadderborn eller ver eit born sjølv og slå dykk laus på open verkstad!
Verkstaden passar for born i alle aldrar, om ikkje anna er spesifisert. Sjå eigne arrangement her på nettsida eller facebook for meir info om kvar verkstad. Kom og gå som de ønskjer i tidsrommet verkstaden er open mellom 12.00-15.00.
Opne verkstadar 2026:
Laurdag 21. februar
Laurdag 28. mars
Laurdag 25. april
Fleire datoar kjem!
Verkstaden og utstillingane er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må bli følgt av ein føresett på verkstaden.
-
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen ved ankomst.
-
Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.
-
Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn.
Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller ein kakao i kafeen medan de ventar.