Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/familieverkstad-mai-04.jpg.

Familieverkstad: Eg og Astrup trykkar – St. Hansbål

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

St. Hansbålet er noko mange forbind med Nikolai Astrup, han laga fleire måleri og trykk med bålet og feiringa som motiv. Bli med å lage ditt eige St. Hansbål med monotrykk – ein enkel og morosam trykkemetode som passar for alle aldre.

Kanskje du har årets feiring og bål friskt i minnet på lørdag, du kan også svinge innom Astrup-utstillinga i 2. etasje, der finn du blant anna måleriet "St. Hansbål" og annan fin inspirasjon til trykkeverkstaden.

Gratis for barn!

Billett

Familieverkstaden og utstillingane er gratis for barn i følge med betalande vaksen. Barn under 12 år må bli følgt av ein foresett på verkstaden.

Du kan kjøpe billett på førehand eller kontakt resepsjonen ved ankomst.