Kunstmuseet inviterar til årets siste familieverkstad! Vi lagar diverse julepynt og julekort. Du vel sjølv om du vil ta det du lagar med deg heim, gje det som ei gåve eller pynte opp treet på museet.
Det blir gratis kakao og kanelsnurrar til alle borna og kaffi med påfyll til dei vaksne. Få deg ein velfortjent kreativ pustepause med borna før julestria verkeleg setter inn – velkomen til hyggeleg førjulsstund på museet!
Familieverkstaden og utstillingane er gratis for barn i følge med betalande vaksen. Barn under 12 år må bli følgt av ein foresett på verkstaden.
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller kontakt resepsjonen ved ankomst.
Merk: alle som vil delta på verkstaden (uansett om du har årskort eller skal kjøpe billett) må registrere seg i resepsjonen først. Barna får utdelt sin gratisbillett der.