Kunstmuseet inviterar til årets siste familieverkstad! Vi lagar diverse julepynt. Du vel sjølv om du vil ta det du lagar med deg heim, gje det som ei gåve eller pynte opp treet på museet.
Få deg ein velfortjent kreativ pustepause med borna før julestria verkeleg setter inn – velkomen til ei hyggeleg førjulsstund på museet!
Familieverkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett.
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet.
Merk: alle som vil delta på verkstaden (uansett om du har årskort eller skal kjøpe billett) må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.
Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn :-) Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller ein kakao i kafeen medan de ventar.