Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/open-verkstad_julepynt_2025.jpg.

Open verkstad: Julepynt

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kom i julestemning på årets siste opne verkstad – slepp kreativiteten laus med sjarmerande julepynt!

Denne laurdagen lagar vi diverse julepynt, som små juletre i papp dekorert med morsom pynt og julefigurar til å henge på treet. Du vel sjølv om du vil ta det du lagar med deg heim, gje det som ei julegåve eller pynte opp treet på museet.

Verkstaden passar for alle, både born og vaksne. Vi brukar mellom anna saks og limpistol, så dei minste borna må få hjelp av ein føresett til å bruke dette.

Få ein kreativ pustepause med familie eller vener før julestria verkeleg setter inn. Vi spanderar deilige bollar frå Erketunet så langt det rekk – velkomen til ei hyggeleg førjulsstund på kunstmuseet!

kunstmuseet/20241207_145903.jpg.
kunstmuseet/20241207_125045.jpg.
BILLETTINFO:

Verkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett.

For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet.

Merk: alle som vil delta på verkstaden (uansett om du har årskort eller skal kjøpe billett) må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.

-

Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn :-) Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller nyt noko godt å drikke i kafeen medan de ventar.