Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/default_file-1715766277.jpeg.

Familieverkstad // Førdefestivalen (Gruppe 2)

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

I samarbeid med Førdefestivalen inviterar vi born og unge til å lage kunst inspirert av årets festivalutstillar, Linda Soh Trengereid. 

I landskapsmåleria hennar er naturen ein levande, pulserande organisme – som talar eit universelt og evig språk. Ho teiknar detaljerte skoglandskap med kol og fargelegg med å sprute på måling til slutt.

På verkstaden får borna lage sitt eige bilete, inspirert av metoden til Linda. Vi brukar først projektor for å teikne av motivet, med kol som teikneredskap. Deretter fargelegg vi bildet med sprutmåling. 

Bli med å lage kolteikning med fargesprut - akkurat som festivalutstillar Linda Soh Trengereid!

Passar best for born i skulealder og oppover i samarbeid med ein vaksen. 

Ein føresett kan følgje gratis.

Utsnitt av panoramaverket «Gjenklang». Skoglandskap teikna med kol. Foto: Linda Soh Trengereid.
Utsnitt av måleriet "Gjenklang" av Linda Soh Trengereid, frå utstillinga med same namn.