På jakt etter ein kreativ laurdagsaktivitet å gjere saman med born? Ta med små folk du kjenner og slepp fantasien laus på familieverkstad!
Endeleg er det vår i lufta og fargane tittar så smått fram igjen ute – og inne! – for denne laurdagen lagar vi vårpynt i superfriske fargar. Med papp (tom dorull), silkepapir og limstift lagar vi fine vindfangarar.
Aktiviteten passar for alle, og pyntinga kan ein gjere så enkel eller detaljert ein sjølv vil. Både vaksne og born får lage sin eigen vindfangar på verkstaden. Dei ferdige vindfangarane lagar fin vårstemning som pynt heime, men dei er også veldig kjekke å springe rundt med og få "halen" til å danse i vinden.


Familieverkstaden og utstillingane er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett på verkstaden.
-
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen ved ankomst.
-
Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.
-
Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn.
Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller ein kakao i kafeen medan de ventar.