Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/duo-ruut_52140558008_o_agnesmuursepp.jpg

Konsert: Duo Ruut i Marianne Morild - Tunger i tre, preiker i steinar

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum
kunstmuseet/logoar/2_fordefestivalen_slagord_midnattblaa.jpg

Herlege Duo Ruut frå Estland er årets Førdefestivalgodbit som speler hos oss i utstillinga Tunger i tre, preiker i steinar av Marianne Morild!

Konserten er fredag 7. juli, og billettar finn du øverst på sida. Når musikk og måleri speler saman skapar dei magiske augneblink.

Duo Ruut (Duo Kvadrat) – ungdommeleg folkemusikk

Etter å ha funne ny inspirasjon frå forfedrane sine folkemusikktradisjonar i 2017, sat Katariina Kivi og Ann-Lisett Rebane ein dag der, med ein estisk zither midt mellom seg. På den eine sida var det eit samantreff av mange ulike faktorar, på den andre eit resultat av mange år med eksperiment og akademiske studiar. Det nye instrumentet var ein frisk start for duoen, og baud på mange måtar å skape og meistre nye teknikkar på.  

Det å komponere på eitt instrument gjev trange rammer, så Duo Ruut si største utfordring har vore å sleppe fantasien ut av boksen for å kunne mate musikken sin med nye og spennande idear.

Tunger i tre, preiker i steinar av Marianne Morild

Utstillinga kan få oss til å tenkje på ei framtid der naturen og respekten for andre sine liv står i sentrum: planter og dyr, men også liva til andre menneske. Vi kan drøyme om ei verd med ein annan verdsorden enn den vi har gjort oss avhengige av i dag.

Draumar er tema for Førdefestivalen 2023 og utstillinga er årets festivalutstilling.

Planlegg besøket ditt

Kjøp inngangsbillett

Opningstider

23. mai — 31. desember
tysdag-sundag kl. 11-16
torsdag kl. 11-18

Prisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 80 kr
  • Vaksne (13.05-10.09): 150 kr
  • Vaksne: 110 kr

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde