Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/marianne_morild/the-gathering-olje-pa-lerret-150-x-200-cm,-2022.JPG

Marianne Morild - Tunger i tre, preiker i steinar

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Om utstillinga

Korleis rører liva våre ved andre typar liv? Kva samanhengar kan oppstå, og kva gjer samanhengane med oppfatninga vår av verda?

Biletkunstnar Marianne Morild har arbeidd med desse problemstillingane i måleria og leirskulpturane ho syner fram i denne utstillinga.

Den surrealistiske utstillingstittelen skapar mange biletlege assosiasjonar og sparkar i gang førestillingsevna vår. Utsegna er henta frå Shakespeare sitt skodespel As You like it (norsk tittel: Livet i skogen, gjeve ut i 1623). I stykket er karakterane i eksil i skogen, Shakespeare søkte å skildre korleis naturen erstattar sivilisasjonens ting:

 Og dette vårt liv, unnateke offentleg tilhaldsstad, finn tunger i tre, bøker i rennande bekkar, preiker i steinar og godt i alt.

Om kunstnaren

Marianne Morild (f.1972) har mastergraden MA Fine Art Degree frå Central St. Martin’s College of Art i London. Ho bur og arbeidar i Bergen. Verka hennar har vore stilt ut ved mellom anna Kunsthall 3,14 (Bergen, 2021), Centre Pompidou-Metz (Frankrike, 2021) og Taipei Biennale (Taiwan, 2020).

kunstmuseet/marianne-morild-web.jpg
Marianne Morild. Foto: Thor Brødreskift
kunstmuseet/logoar/2_fordefestivalen_slagord_midnattblaa.jpg
Draumen om ein annan verdsorden

Utstillinga kan få oss til å tenkje på ei framtid der naturen og respekten for andre sine liv står i sentrum: planter og dyr, men også liva til andre menneske. Vi kan drøyme om ei verd med ein annan verdsorden enn den vi har gjort oss avhengige av i dag.

Draumar er tema for Førdefestivalen 2023 og utstillinga er årets festivalutstilling.

kunstmuseet/logoar/kulturradet_endorser_svart_nynorsk.png

Sogn og Fjordane Kunstmuseum varetek kunstsenterfunksjonane i region Sogn og Fjordane. Separatutstillinga utgjer ein del av kunstsenterfunksjonane

Planlegg besøket ditt

Opningstider

23. mai — 10. september
tysdag-sundag kl. 11-16
torsdag kl. 11-18
28. mai stengd

Prisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 80 kr
  • Vaksne (13.05-10.09): 150 kr
  • Vaksne: 110 kr

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde