Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/hekt/s_img_1681.jpg.

Familieverkstad: HEKT - rutenettet

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum sin familieverkstad har gratis inngang laurdag 24. september kl. 12-15! Vær eit barn sjølv eller ta med eigne barn, barnebarn eller syskenbarn. Slå deg laus!

Rutenettet er kroppen til vevnadar. Vi blåser det heile opp og leiker med eit stort rutenett saman. Korleis mønsteret ser ut, bestemmer du! Oppgåva er å pusle mønster til kvarandre inne i rutenettet. Lar du mønsteret ligge til dei neste på verkstaden eller vil du at det berre skal finnast i nokre få minutt? Velkomen inn!

Kafé Sobra har opent og familieverkstaden er gratis for alle. Barn under 12 år må bli følgt av ein foresett på verkstaden. Deltakarar kjem gratis inn i alle utstillingane, men du må framleis registrere deg i resepsjonen.

Toppfoto: verk i HEKT © alle kunstnarar / BONO. Foto: SFKM/EMS