I haustferien er verkstaden ope frå tysdag 8. oktober–sundag 13. oktober, kom og gå som det passar mellom kl 12-15.
Rommet blir kledd med papir slik at vi kan ligge, stå, rulle (og tulle) medan vi teiknar på golv og veggar. Du kan også prøve spesiallaga teikneredskap – har du for eksempel prøvd å teikne med ein lang pinne før? Eller med foten? Eller hovudet? Ikkje? Då er det på tide! Velkomen til ei leiken teiknestund på museet!
Obs: Vi brukar fargestiftar og tusj som kan vaskast av klede (altså som ikkje er permanent), men for sikkerheitsskuld er det lurt å ha på klede du ikkje er redd for at får seg ein flekk.
Familieverkstaden og utstillingane er gratis for barn i følge med betalande vaksen. Barn under 12 år må bli følgt av ein føresett på verkstaden.
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, du kan kjøpe billett på førehand eller i resepsjonen ved ankomst.
-
Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.
-
Kunstmuseet inviterar til månadleg familieverkstad, som regel siste laurdag i månaden. Følg med på nettsida vår eller facebook for meir info om kvar verkstad.