Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/ka_kirkebø/uprooting_detalje_2021.jpg.

Kay Arne Kirkebø

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Om utstillinga

Kay Arne Kirkebø (Førde, 1979) si nye utstilling ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum vert for første gong samansett av blyant- og tusjteikning saman. Du får òg oppleve eit heilt nytt animasjonsverk og eksperimentell skulpturell teikning.

Blyant- og tusjteikningane viser ei djup verd med industri, betong og menneskelege figurar. Byane til Kirkebø svever med labyrintiske rom. Kunstnaren vekkjar til live ei verd på teiknebordet der byen og urbant liv dominerer. Referansar til arkitektur som hyller betongen som materiale, automatikk og datamaskinar blir knadd saman til eit futuristisk bylandskap.

Animasjonsarbeida til Kirkebø slekter òg på det arkitektoniske. Her granskar han korleis ei linje kan lage nye formasjonar og rom. Grenselandet mellom to og tre dimensjonar blir heile tida utfordra med linja. På same måte som i dei romlege teikningane hans, blir den langsame teikneprosessen dyrka. Den analoge prosessen til Kirkebø står i kontrast til maskinane han avbildar.

I dei reine blyantteikningane skildrar Kirkebø lausslept kvardagen frå ungdomstida si. 90-talets mote, datamaskinar og musikk pregar livet i teikningane. Byar med urbant liv dominerer her på godt og vondt. Dei reine linjene må vike for underfundige og urovekkande kvardagsscener.

Video og klipp: Silje Sigurdsen/Kunzt.no. Gitt att med løyve.
Om kunstnaren

I 2014 fullførte Kay Arne Kirkebø (Førde, 1979) mastergraden sin ved Kunsthøgskolen i Bergen. Han har vore utstilt ved Tegnerforbundet i Oslo og Kunstgarasjen i Bergen. I 2020 vart Kirkebø invitert som kunstnar ved Bodø Biennale for visuell kunst og dansekunst. Verka hans er stilt ut i Sverige, Danmark, Tyskland, Italia, USA og Kina Kunstnaren er representert med verk i samlingane til Oslo kommune og Sogn og Fjordane Kunstmuseum.