Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/test4.jpg.

Føredrag: "Kunst i Vestland - ei reise frå fortida til vår eiga samtid" med Renate Rivedal

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kunsthistorikar Renate Rivedal kjem heim til Førde for å snakke om vestlandskunst! I føredraget vert vi tekne med på ei kronologisk reise blant Vestlandet sine kunstnarar. Vi startar med Noregs fyrste kunstnar J.C. Dahl og den klassiske målarkunsten, før vi bevegar oss vidare mot modernismen, og til slutt får eit innblikk i kva som skjer på samtidskunstscena i dag. Her vert det ei mengde med kunstnarar som har ulikt uttrykk og som på forskjellig vis har ei tilknyting til Vestlandet. Vi møter både kjende og kjære kunstnarar, men også nokon som gjerne er heilt nye for publikum. Har kunstnarane blitt inspirert av si tilknyting til Vestlandet eller går dei sine eigne vegar? 

Føredraget varar i ca. 45 minutt, etterpå vert det ope for spørsmål og diskusjon. Billett til føredraget gjev også inngang til museet; utstillingane "Rolv Muri. Eg målar med jord under neglene" og HEKT er opne for deltakarar på føredraget frå kl.18 til 20.

kunstmuseet/smallrr-1706877966.jpg.
Om Renate Rivedal

Renate Rivedal frå Sunnfjord, arbeider som rådgjevar i Kulturetaten i Bergen kommune. Ho driv sitt eige foretak www.kunstforedrag.no, der ho er kunstformidlar, i tillegg til jobben som kunstkritikar i Bergens Tidende. Rivedal har ein master i kunsthistorie frå UiB og erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar som KODE, Lepramuseet - Bymuseet i Bergen, Bergen Assembly, Den kulturelle skolesekken og Bergen Offentlige Bibliotek.

Billettinfo / OBS: begrensa antal plassar

Billettpris med årskort: 50 kr

Billettpris utan årskort: 120 kr

* Eit årskort for Musea i Sogn og Fjordane kostar 390 kr og er gyldig i eit år frå kjøpsdato.

Med årskort kan du:

  • Besøke alle dei tolv musea i MiSF så ofte du vil.

  • Inngang til store arrangement som familiedagar, sankthansfeiring, sesongopningar og førjulsarrangement.

  • Inngang på utstillingsopningar, omvisingar og familieverkstader.