Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/j-muri-museetsf-1002748.jpg.

Rolv Muri. Eg målar med jord under neglene.

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Rolv Muri (1921-1992) er ein av dei største modernistiske målarane frå vår region. Denne utstillinga viser eit stort utdrag frå hans produksjon gjennom 50 år som kunstnar.

Jeg ser abstrakt. Hele min legning er abstrakt. Når jeg arbeider på jorda, samler jeg abstraherte naturbilder i minnet. Jeg er ikke av dem som ser natur og så konstruerer abstraksjoner etterpå. Jeg ser det slik jeg maler det.

– Rolv Muri, Sunnmørsposten 27.8.1976

Nordfjordingen Muri stod gjennom heile karrieren i spagaten mellom biletkunst og gardsdrift. Om sommaren gjekk det i hardt fysisk arbeid på den vesle og bratte slektsgarden på Auflem i Olden. På nattetid og i vinterhalvåret, fekk essensen av alle naturinntrykka han hadde samla opp, utløp i fargesterke måleri. Muri reproduserte ikkje det han såg, men skapte nye landskap. I denne utstillinga inviterast publikum til å komme tett på abstrakt ekspresjonisme og oppleve stemningane som skildrast i dei store uttrykksfulle måleria. Samansetninga av sterke fargar, former, liner og flater gjev oss høve til fri assosiasjon og til å sjå naturen med nye auge.

Ein skal ikkje forstå kunst. Kunst skal ha ein appell til kjenslene. Picasso snakka alltid om sanning. Eg er samd i det. Det ein lagar skal vere ekte. Eg dreg ut essensen av naturopplevinga.

– Rolv Muri, Sunnmørsposten, 17.12.1988

Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane si retrospektive utstilling med Muri i 1991 var hans første separatutstilling i museal samanheng. No ønskjer museet å løfte fram dette store og innhaldsrike kunstnarskapet for nye generasjonar og publikum.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum rettar ei stor takk til forfattar Ove Eide, private utlånarar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for støtte til utstillinga.

kunstmuseet/1968-1969,-hostfjellet-2,-svein-muri,-bygdoy-1694782005.jpeg.
Rolv Muri, "Høstfjellet 2", olje på plate, 1978-1979, privat eige
Muri køyrer traktor med høy, utsikt mot fjord og fjell i bakgrunnen.
Rolv Muri på garden sin Auflem i Olden. Leif Høel, Dagbladet, 30. juli 1966
kunstmuseet/j-muri-auflem-1002570.jpg.
Rolv Muri, "Høstallegori", olje på plate, 1976, privat eige
Rolv Lorentz Muri

f. 1921 - d. 1992

Fødd i Ålesund og vaks opp på Gjøvik. Under andre verdskrig budde han hos onkelen Andreas på Auflem i Olden, for å sleppe unna den nazistiske arbeidstenesta. Studerte ved Statens Kunstakademi i Oslo 1946-1948. Etter enda utdanning gifta Muri seg med den danske kunstnaren Helga Brøchner Kristiansen, som han hadde møtt i København i 1946. Dei tok over slektsgarden på Auflem og dreiv med kyr, sauer, gris, høner, hest og fruktdyrking.

Utover på 1960-talet var Muri med og representerte Noreg i to store offisielle norske utstillingar i utlandet. Han vart antatt tretten gonger på Vestlandsutstillingen og fem gonger på Høstutstillingen. Han fekk òg eit treårig arbeidsstipend. Det ga han høve til å arbeide fram mot si første separatutstilling i 1969 – 25 år etter at han stilte ut for første gong. I tillegg vart han kjøpt inn av Riksgalleriet. I 1977 fekk Muri, som ein av dei første, Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Modernisme - Ei bølge av eksperimenterande stilartar som fekk utslag i norsk kunst først etter andre verdskrigen. Den representerte ei vending frå at kunstnarane var opptekne av kva biletet viser til korleis det er utførd. Modernisme i biletkunsten er prega av ein høg grad av eksperimentering med formale aspekt som farge, liner, tekstur og komposisjon. Abstrakt kunst og ekspresjonisme er to av stilartane i modernismen.

Abstrakt kunst - Å abstrahere vil seie å forenkle og ta vekk så mange detaljar at berre nokre vesentlege og attkjennelege trekk frå røynda står att. Samansetninga av sterke fargar, former, liner og flater er det som tel.

Ekspresjonisme - Ei kunstretning kor kunstnaren vil uttrykke sine subjektive reaksjonar på røynda. Fargane er gjerne sterke, reine og ublanda og har ein sjølvstendig og uttrykksbærande funksjon.