Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/marianne-morild_katrine_sele-2-1694693512.jpg.

Kunstnarsamtale: Tett på Marianne Morild med Katrine Sele

Tidspunkt
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

I samarbeid med Kunstveka 2023 inviterar vi til kunstnarsamtale mellom Marianne Morild og journalist og forfattar Katrine Sele:

Å sjå verda

Vi må rette blikket vårt mot jorda – finne ut kor vi er, korleis det ser ut her, og korleis alt heng saman. Noko slikt har Bruno Latour sagt, ein av verdas fremste sosiologar og antropologar. Akkurat dette har også vore målet til Marianne Morild då ho laga utstillinga «Tunger i tre, preikar i steinar».

Lenge måla ho store, frodige måleri med svart bakgrunn som handla om forsøpling og korleis oljealderens overflod trugar med å kvele naturen. No ville ho over til noko anna, meir oppløftande. Ho vende seg mot dei ørsmå landskapa, slik som ei tue med lav på ein stubbe, og såg nærmare etter. Måleria og skulpturane i utstillinga er inspirert av slike observasjonar.

- Eg kan sjå noko langt inne i ein skog, ein liten kvist eller eit bær, som kanskje ingen andre har lagt merke til. Og det er noko der som er viktig, seier ho.

- Eg har lyst til å få folk til å sjå verda. Eg meiner, å verkeleg sjå den!

Kva får vi auge på når vi ser nærare etter? Vi vil oppdage at livet er uendeleg rikt, men samstundes, at det er nokre grunnleggande trekk som går igjen. Dei menneskelege fellesskapa og skogens fellesskap liknar kvarandre mykje – måten vi organiserer oss på og livet organiserer seg på. Såleis er det mogleg for oss å spegle oss i den tua med lav på trestammen og sjå oss sjølve i den. 

Høyr Marianne Morild i samtale med Katrine Sele om naturen, måleriet og vegen til å finne si eiga stemme som kunstnar.