Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Kullteikningar av aktmodell.

Aktteikning på kunstmuseet (fullt!)

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Likar du å teikne? Bli med på minikurs i teikning etter modell med biletkunstnar Aud Marit Skarrebo Holmen.

Minikurset passar både for deg som er ein erfaren teiknar og for deg som aldri har prøvd å teikne etter modell før. Ingen forkunnskapar krevjast, du vil få rettleiing frå kurshaldar Aud Marit undervegs.

Billetten inkluderar papir, kull til å teikne med, staffeli og teikneplate til utlån. Du treng altså ikkje å ta med noko, men du kan sjølvsagt ta med deg eige teikneutstyr om du vil.

Vi startar kvelden med ein introduksjon til aktteikning, ein kort presentasjon ved Aud Marit der vi ser på eksempel og snakkar om teknikk. Deretter blir det to timar teikneøkt, inkludert pausar. Vi jobbar både med raske skisser (croquis) og til slutt nokre økter der modellen held stillinga lenger.

Dørene opnar kl. 17.00 og det vert mogeleg å kjøpe seg noko å drikke frå Kafè Sobra den første timen. Kurset startar kl 17.30.

Velkommen til ein fin teiknekveld på kunstmuseet!

Billettinfo

375 kr (inkludert utstyr)

OBS: Kurset er plassbegrensa til 20 deltakarar, sikre deg billett før det blir fullt!

Om Aud Marit Skarrebo Holmen

Biletkunstnar Aud Marit Skarrebo Holmen har mellom anna utdanning frå Asker kunstskole og Avdeling Kunstakademiet v/Kunsthøgskolen i Bergen (nå Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst v/ Fakultet for kunst, musikk og design v/ UiB). Ho har undervist barn, unge og vaksne i figurative teknikkar i meir enn 20 år.

* Tusen takk til Sunnfjord kulturskule og Førde VGS for utlån av staffeli *

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett

Opningstider

6. januar — 31. desember
2025
tysdag-sundag kl. 11-16
måndag stengt
21. april — 26. april
Fredag 25. april er museet/utstillingane stengt på dagtid grunna førebuing til utstillingsopning kl 18.00.
Obs: Kafè Sobra er open frå kl. 11-14

Prisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Vaksne: 130 kr
  • Gruppe (15+*) min 15 pers.: 110 kr

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde