Musikk og føredrag på årets siste Kunsttorsdag
Gjennom sine solfylte maleri med glade seterjenter og seglbåtar i frisk bris vart Hans Dahl svært populær hos eit stort internasjonalt publikum. Som ressurssterkt overskotsmenneske og begeistra romantikar var han i årevis primus motor og selskapsmann for skandinavar i Berlin. Han var oppfinnar, helseprofet og keisar Wilhelm IIs gode ven. Og ikkje minst vart han sabla ned av heimlege kritikarar.

Frode Skag Storheim (f. 1988) har samla historia om Dahl i bokform, og var konsulent då Blaafarveværket viste "Solskinnsmaleren Hans Dahl" denne sumaren. No kjem han til Sogn og Fjordane kunstmuseum med eit spennande foredrag om Dahl og vegen vidare mot ei utstilling på Norsk Reiselivsmuseum i 2026.
Foredraget vert krydra med klavermusikk, og Frode sel og signerer boka.
Vel møtt til ei begeistra og lærerik stund!

Vaksen kr 175
Student / honnør kr 150
Billett med årskortrabatt kr 135
Born (0-17 år) Gratis
OBS: arrangementet har avgrensa tal plassar