Denne kunsttorsdagen koblar vi på vår kreative side også gløymer vi alt anna for nokre timar. Bli med på ein hyggeleg kunstpause på museet og utforsk kreativiteten din med keramikkmåling!
Mariann Ulltang Birkeland styrar verkstaden og losar oss trygt gjennom kvelden. Ho har med råbrent keramikk (koppar, skåler, muggar) vi kan dekorere. Billetten inkluderar ein kopp, og dersom ein vil måle på fleire ting kan ein kjøpe dette i tillegg. Mariann har med ei mengd med fine fargar og alt av nødvendig utstyr. Etter ein liten introduksjon om måling og teknikk kosar vi oss med å måle og skåle resten av kvelden. Mariann tek med seg alt det fine vi har laga tilbake til studioet sitt der ho glaserar og brenn det. Når det er ferdig vert det pakka med namn og returnert til museet. Her kan ein komme og hente dei ferdige kunstverka, vi gjev beskjed når det er klart for henting.
Tips frå Mariann: sjå etter inspirasjon til motiv, teknikkar og fargebruk på til dømes Pinterest eller Instagram. Ho tek også med keramikk ho har laga som vi kan la oss inspirere av.
Du kan også finne inspirasjon frå samlinga vår:
Du treng ingen forkunnskapar for å delta på verkstaden, keramikkmåling er veldig kjekt og noko alle kan få til!
Verkstaden føregår i Kafè Sobra og det vil vere mogeleg å kjøpe seg drikke og snacks heile kvelden.
Billett 450 kr
Billett med årskortrabatt 390 kr
Inkludert i billetten: ein råbrent keramikkopp til å måle på og alt du treng av nødvendig utstyr.
Obs: begrensa antal plassar (20 stk), sikre deg billett via lenke øverst ("Kjøp billett")!


